Kva er ein bistandsorganisasjon?
Norsk bistand skal bidra til varige betringar i økonomiske, sosiale og politiske kår for folk i utviklingsland, med særleg vekt på at hjelpa skal komme dei fattigaste til gode. Bistandsorganisasjonar arbeider oftast parallelt med statlege organ, men er ikkje underlagde ei statleg myndigheit og blir som regel finansierte gjennom ei blanding av private donasjonar og offentlege løyvingar. Dei kan òg skape inntekt gjennom eigne kommersielle aktivitetar.
Kven kan få jobb i ein bistandsorganisasjon?
Som bistandsarbeidar kan du arbeide innanfor ei lang rekkje område. Størst etterspurnad er det etter personell med kunnskapar og bakgrunn frå økonomi, miljø, helse, jordbruk, undervisning, bygg- og anlegg, handverk og industri. Organisasjonane tilset oftast personale med fagleg utdanning og/eller relevant arbeidserfaring til oppdrag i utviklingsland.
Som søkjar til stillingar innanfor bistandsarbeid/nødhjelp må du som oftast gjennom omfattande testing, der det mellom anna blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Motivasjon, samarbeidsevne, evne til kommunikasjon og kreativ problemløysing, gjennomtenkt planlegging og improvisasjon er nokre faktorar som blir vurderte.
Du må vere svært tilpassingsdyktig, både på det psykiske planet og i forhold til små og store praktiske utfordringar i dagleglivet. Nokre private organisasjonar vil stille krav om at du kan identifisere deg med organisasjonsformålet. (Kjelde: Jobbfeber.no)
Lenkjer til nokre bistandsorganisasjonar i Noreg
Lenkjer til sentrale utviklingsaktørar i Noreg
organiserer utveksling av tilsette og medlemmer mellom organisasjonar, verksemder og bedrifter i Noreg og land i sør.