Som au pair jobbar du for ein familie og får gratis kost og losji mot å ta deg av barna og gjere husarbeid. Vertsfamilien din skal òg betale deg lommepengar. Du kan skaffe deg jobb som au pair på eiga hand eller få hjelp frå ulike organisasjonar.
Les meir på Utlendingsdirektoratets heimeside om å jobbe som au pair i Noreg.
Dersom du vil bli au pair i eit anna land, kan du få meir informasjon på Den europeiske ungdomsportalen. UngInfo og Eurodesk gir deg òg mange tips og oversikt over byrå.
Kvar finn du jobbane?
I jobbdatabasen på nav.no finst det ledige jobbar frå norske og utanlandske familiar som gjerne vil tilsetje ein norskspråkleg praktikant eller au pair. Du kan finne desse stillingane ved å bruke søkjeordet ”au pair”.
Denne lista viser aktørar som mot betaling formidlar jobb i utlandet:
Jobbdatabasar der du finn familiar som søkjer au pair:
Internasjonale medlemsorganisasjonar
Arbeids- og opphaldsløyve
Du treng ikkje arbeidsløyve dersom du jobbar i eit EU/EØS-land, men du må som regel ha eit opphaldsbevis. Vertsfamilien vil hjelpe deg med desse formalitetane. Meir informasjon om skatt, bustad o.a. kan du få ved å lese landinformasjon her.
Dersom du jobbar utanfor EØS-området, treng du både arbeids- og opphaldsløyve. Au pair-organisasjonen kan hjelpe deg med det.
Sjukeforsikring/trygdeforhold for au pairar og praktikantar i utlandet
Hovudregelen er at alle som er busette i Noreg, automatisk er medlem i folketrygda. Trygdeforholdet endar ved utreisa dersom du dreg til utlandet for å arbeide som au pair / praktikant, så du bør sjekke om du treng ei eiga forsikring.