Publisert 26.09.08
Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF), NAV og Studentsamskipnaden (SISOF) samarbeider om å gje studentar med psykisk sjukdom faglege og sosiale moglegheiter til å nå studiemåla sine.
SMS er eit individuelt tiltak der studenten utarbeidar ein handlingsplan i lag med NAV og eventuelt HSF eller SISOF. Sidan folk er ulike vil planane også vere ulike. Saman finn de fram til kva som skal til for at du skal nå studiemåla dine. SMS er eit lågterskeltilbod.
Les meir om SMS i lenkjene til høgre.