Publisert 03.12.10
Psykiske helseproblem er noko som kan ramme oss alle, og halvparten av oss vil før eller seinare oppleva å få psykiske helseproblem. Dette kan føra til at ein vert sjukmeld, at ein fell ut av arbeidslivet, eller at ein kan få vanskar med å koma ut i arbeid. For mange kan det å vera i arbeid føre til at ein vert raskare frisk.
NAV ynskjer å gje menneske med psykiske lidingar høve til å vera i arbeid. Gjennom ulike fagutviklingsprogram i regi av Nasjonal Strategiplan for arbeid og psykisk helse 2007-2012 ynskjer ein å skape eit meir tilrettelagt tilbod til ei stor og viktig målgruppe.
NAV Sogn og Fjordane deltek i følgjande fagutviklingsprogram:
Studiar med Støtte (SMS)
Studiar med støtte er eit tilbod til personar med psykiske lidingar som er i høgare utdanning og som har behov for støtte
for å gjennomføre studiane. SMS gir oppfølging ved oppstart og gjennomføring av studiet, og i overgangen frå studiar til arbeid.
Kompetansepakke for arbeidslivet
Mange i arbeidslivet ynskjer meir kunnskap om korleis ein skal møte medarbeidarar med psykiske helseproblem. ”Ser deg i morgon”
er eit kursopplegg som er retta i mot leiarar, tillitsvalde og verneombod som omhandlar tema innan arbeid og psykisk helse.
Føremålet med kurspakken er å styrka arbeidsplassane i arbeidet med å førebygga og tilrettelegga for tilsette med psykiske
helseproblem.
Nettverksbygging og kompetanseheving
Det vert utvikla ulike kompetansetiltak mot tilsette i NAV og ulike samarbeidspartar der ein legg vekt på å heva kompetanse
og å byggja nettverk. Ei målsetjing med kompetansetiltaka er å auka kompetansen innan arbeid og psykisk helse. Ei anna viktig
målsetjing er å betre samhandlinga mellom NAV, helsetenesta og andre samarbeidspartar.
Ynskjer du meir informasjon om satsinga i Sogn og Fjordane kan du kontakte ditt NAV-kontor, eller fylkeskoordinator for arbeid og psykisk helse, Henny-Kristin Asperanden Navarsete.
Epost: henny-kristin.asperanden.navarsete@nav.no
Du kan også lese meir på NAV sine nasjonale sider.