Arbeidsmarknaden er inne i ei positiv utvikling og arbeidsløysa går ned. Talet på varig uføre har gått ned dei siste åra. Sjukefråværet har variert ein del, men har gått litt opp siste året.
Ved utgangen av januar 2012 hadde Sogn og Fjordane 1 026 personar heilt utan arbeid. Dette er ein reduksjon på 23 prosent frå januar i fjor. Gjennomsnittleg arbeidsløyse i 2011 var 1084 personar, ein reduksjon på 12 prosent frå 2010.
507 personar fekk innvilga uførepensjon i løpet av 2011. Dette er 123 fleire enn i 2010. Ved utgangen av 2011 hadde Sogn og Fjordane 5288 varig uføre, som er det same som i 2010. På landsnivå var det ein auke på 1,8 prosent. 8,0 prosent av befolkninga mellom 18 og 67 år i Sogn og Fjordane er mottakarar av uførepensjon. Dette er noko under snittet for landet, som er 9,5 prosent.
23 prosent av uførepensjonistane hadde gradert pensjon og 23 prosent var under 50 år. Delen under 50 år er om lag den same som landssnittet. Fordelinga mellom kjønna har vore stabil ved at det er noko fleire uføre kvinner enn menn. 56 prosent av dei uføre i 2011 var kvinner. Landsgjennomsnittet var 57 prosent.
Frå 1. mars 2010 erstatta arbeidsavklaringspengar (AAP) dei tidlegare inntektssikringsordningane
yrkesretta attføring, rehabiliteringspengar og tidsavgrensa uførestønad. Per desember 2011 hadde fylket 2957 mottakarar av
AAP, ein reduksjon på 32 frå desember 2010.
Sjukefråværstala for Sogn og Fjordane følgjer stort sett landsutviklinga, men på eit lågare nivå. Sjukefråværet har gått litt opp det siste året. Mellom kommunane i fylket er det store variasjonar i sjukefråværet, men det er få av dei som er over landssnittet.