Publisert 02.02.12
Ved utgangen av januar hadde Sogn og Fjordane 315 færre heilt ledige enn på same tid i fjor. Dette tilsvarar ein reduksjon på 23 prosent. På landsnivå er reduksjonen 12 prosent.
- Industri, bygg og anlegg står for størsteparten av reduksjonen i arbeidsløysa. Det ser dermed ut til at den utviklinga vi såg i fjor held fram. Fleire personar i arbeidsmarknadstiltak enn på same tid i fjor, forklårar ein del av reduksjonen, men vi ser også ein generell betring i arbeidsmarknaden, fortel direktør i NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.
Ved utgangen av januar var det 1 026 personar heilt utan arbeid i Sogn og Fjordane. Dette tilsvarar 1,8 prosent av arbeidsstyrken og er lågast i landet. På landsnivå er 71 531 personar, eller 2,8 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid.
Størst nedgang i arbeidsløysa er det innan bygg og anlegg, som har ein reduksjon på 51 prosent samanlikna med januar i fjor. Her er det no 122 heilt ledige, 128 færre enn i januar i fjor. I industrien er det no 198 heilt ledige, 105 færre enn i januar 2011. Dette tilsvarar ein reduksjon på 35 prosent.
Frå januar i fjor, er arbeidsløysa redusert med 33 prosent blant menn, mens kvinner berre har ein reduksjon på tre prosent.
- Den største skilnaden ser vi innan industri. Dette skuldast at menn og kvinner jobbar innan ulike typar industri, fortel
Thorsnes
22 av 26 kommunar har ein reduksjon i arbeidsløysa frå januar i fjor. Balestrand (-75 prosent), Vik (- 68 prosent) og Hyllestad (- 65 prosent), har størst reduksjon. Berre Hornindal, Bremanger og Vågsøy har auke i arbeidsløysa, mens Gulen har uendra arbeidsløyse.
Bremanger og Aurland, med høvesvis 3,0 og 2,8 prosent, har høgast arbeidsløyse i januar. I andre enden av skalaen finn vi Balestrand og Vik, som begge har ei arbeidsløyse på mindre enn éin prosent.
127 av dei heilt ledige i fylket er permitterte. Dette er 70 færre enn i januar i fjor. 27 av dei permitterte kjem frå fiskeindustrien.
Det blei registrert 583 nye ledige stillingar i januar. Dette er ein auke på 13 prosent frå januar i fjor. Helse, pleie og omsorg har størst auke.