Publisert 27.01.12
Ved utgangen av desember 2011 var det 5 288 personar i Sogn og Fjordane som mottok uførepensjon. Dette er om lag same tal som i 2010. På landsnivå er det ein auke på 5565 personar, tilsvarande 1,8 prosent, og det er berre Akershus som har nedgang.
- Det er positivt at talet på uførepensjonistar ikkje aukar. Dette kan ha samanheng med at vi har lågare befolkningsvekst enn dei fleste andre fylka, men det kan også vere eit resultat av at vi jobbar systematisk med å betre oppfølgingsarbeidet vårt med sikte på å få flest mogleg i jobb, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane Tore Thorsnes.
2 939 kvinner mottok uførepensjon ved utgangen av desember, mot 2 349 menn. For begge kjønn er talet på uførepensjonistar uendra frå desember 2010.
På landsnivå har talet på uførepensjonistar under 30 år auka med 8,5 prosent frå desember 2010. I Sogn og Fjordane har denne gruppa ein reduksjon på 1,1 prosent.
- Det er her vi har det største potensialet er for å redusere varige trygdekarrierar. Denne gruppa har derfor høg prioritet hjå NAV, seier Thorsnes.
Størst reduksjon i talet på uførepensjonistar finn vi aldersgruppa 60-64 år, som har ein reduksjon på 3,6 prosent. Aldersgruppa 45-49 år har størst auke med 10,2 prosent. I dei andre aldersgruppene er det små endringar.
23 prosent av uførepensjonistane i Sogn og Fjordane mottek gradert uførepensjon, mot 18 prosent på landsnivå.
Både i Sogn og Fjordane og på landsnivå er prosentdelen i aldersgruppa 18-67 år som mottek uførepensjon uendra frå desember 2010 til desember 2011. I Sogn og Fjordane er det åtte prosent i denne aldersgruppa som mottek uførepensjon, mot 9,5 prosent på landsnivå.