Publisert 27.01.12
Vil du bli oppdatert om utviklinga innan nærings- og arbeidslivet i Sogn og Fjordane? Fredag 10. februar kl. 09.30 blir ei ny utgåve av Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane presentert på eit arrangement i Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale i Førde.
Presentasjonen vert og streama slik at du kan sjå framlegginga på din eigen PC. Klikk deg inn på http://kxg.no/nbarometer2012 (lenkja vert aktiv før sendinga startar).
Du kan også vere med oss frå Fylkeshuset på Leikanger, der vi sendar frå arrangementet i Førde på storskjerm.
Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane byggjer på nye undersøkingar, intervju og statistikk. Partnarane bak barometeret ynskjer å bidra til eit felles kunnskapsgrunnlag og felles forståing av utfordringane i næringsliv og offentleg sektor.
• Innleiing ved fylkesordførar Åshild Kjelsnes
• Presentasjon av Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane
Ved Halvor Flatland og Jan Heggheim
• Spørsmål frå salen og sjåarar
• Sparebanken Sogn og Fjordane sine tankar om dei urolege tidene og lokalt eigarskap som festningsverk Ved Arvid Andenæs
• Bedriftspresentasjon ved Maritime Montering as
Du kan melde deg på presentasjonen i Førde via fylkeskommunen si heimeside: Meld deg på her.