Publisert 19.10.11
EURES-rådgjevar i Sogn og Fjordane, Susan Stavøstrand (til venstre), representerte NAV EURES på jobbmesse i Katowice i Polen 12. oktober. Mellom dei 80 utstillarane, var det EURES-representantar frå åtte land. Det var berre tre utanlandske bedrifter, to frå Noreg og ein frå Sverige (Volvo).
Å møte 2500 besøkande på fire timar, er krevjande. Då var det godt å få hjelp frå ein rådgjevar i den polske arbeidsetaten som snakka feilfritt engelsk, og som hadde sett seg inn i mykje av informasjonen om Noreg og dei ledige stillingane ved dei norske bedriftene.
Katowice, 75 km vest for Krakow, ligg i regionen Silesia i kjerneområdet for industri og gruveaktivitet. Arbeidsløysa er høg, då mange av industribedriftene og kullgruvene har blitt lagt ned. Med en befolkning på størrelse med Noreg, bør regionen byr på gode rekrutteringsmoglegheiter.
AM Direct A/S sa seg godt nøgd med dagen. Dei ville få tak i bygningsfolk, jernbindarar og betongarbeidarar, og fann 8-10 kandidatar som dei vil gje jobbtilbod. AM Direct er eit bemanningsbyrå med hovudkontor i Molde. Med 25 personar utplassert i Sogn og Fjordane så langt, kan vi vente at nokon av dei nytilsette får tilbod i vårt fylke. Bedrifta tok samstundes del i ei jobbmesse i Reykjavik på Island, der dei tidlegare har funne motiverte ingeniørar.
Volvo frå Sverige var på jakt etter ingeniørar med spisskompetanse, men blei skuffa. Kvar blei det av ingeniørane etter nedlegginga av Fiat sitt polske anlegg, spurde dei.
Uniflex Norge A/S, med bemanningskontor i Oslo, Bergen og Sandnes, ønskte også bygningsfolk, spesielt taktekkarar. Dei fant få kandidatar, men fekk plass på messa berre fire dagar før opninga, og fekk difor ikkje tid til førehandsannonsering. Dei deltok på ei utanlandsk jobbmesse for første gong, men var godt nøgd med erfaringa og har varsla at dei vil vere med på nye messer framover.
Som på mange tidlegare messer i Polen, er språk ei utfordring. Mange snakkar dårleg engelsk og etterspør jobbar som ikkje krev kunnskapar i engelsk eller skandinavisk språk. Vi snakka likevel med mange flinke, motiverte folk innan service, og nokon innan helse og tekniske fag. Den norske gruppepresentasjonen av ”Living and Working in Norway”, var det mest besøkte innslaget på messa.
EURES (EURopean Employment Services) er eit samarbeid mellom EU/EØS-landa og Sveits. Samarbeidet skal fremje fri rørsle av arbeidskraft innanfor EU/EØS-området.