Publisert 01.11.11
NAV Sogn og Fjordane legg vekt på å ha eit nært og godt samarbeid med Attførings- og Vekstbedriftene i Sogn og Fjordane.
I fellesskap med Attførings- og Vekstbedriftene har vi utarbeidd ei samhandlingsrutine som skal sikre god samhandling og bidra til utvikling av god kvalitet i tenestene frå NAV og Attførings- og Veksbedriftene til brukar med mål om å komme i arbeid heilt eller delvis.
Samhandlingsrutina og andre relevante dokument finn du under Relatert informasjon.
NAV har innført elektronisk dokument handtering. Ved å velgje rett framside på skjema eller annan dokumentasjon som skal til NAV i samband med gjennomføring av arbeidsretta tiltak - sikrar du at posten kjem til rett mottakar med ein gong og det går ikkje vekk tid til intern postgang.
Under Relatert informasjon finn du ein oversikt over kva framside som skal følgje med ulike skjema/dokument.