Publisert 02.09.10
Etter 52 års teneste i Trygdeetaten og NAV, hadde Sylvia Nyland sin siste arbeidsdag i NAV Forvaltning Sogn og Fjordane tysdag 31.August.
Sist torsdag vart dette markert med kaffi og kake på forvaltningseininga i Førde. Sylvia fekk blomar og gåvekort. Leiar for NAV Forvaltning Sogn og Fjordane, Anne Berit Fristad held tale til Sylvia, der ho og bar fram helsing og takk frå fylkesdirektøren.
Sylvia tok til i arbeid ved Fjaler trygdekasse den 6. mai 1958. Det er såleis ein svært trufast medarbeidar som no har hatt sin siste arbeidsdag i etaten. Det seier seg sjølv at med så lang fartstid, har ho kjennskap til dei fleste av stønadsområda i NAV. Særleg likte ho tida ho arbeidde med oppgåver innan pensjon.
I talen poengterte Anne Berit Fristad at Sylvia er eit godt føredøme for oss andre. Gjennom eit langt arbeidsliv har ho vist stor arbeidsglede og arbeidskapasitet. Ho har vore oppteken av å vera tilgjengeleg for brukarane våre og å finna gode løysingar for dei. Ho har og vore ein kollega det har vore lett å spørja til råds.
Hjå NAV Forvaltning Sogn og Fjordane har ho no nokre år vore trufast leverandør av vedtak på ortopediske hjelpemiddel.
No ventar pensjonisttilværet for denne aktive dama. Ho har allereie fått lovnad på ein kortvarig "jobb" som hundepassar i neste veke! I tillegg vil nok barnebarn merka at bestemor får fleire ledige stunder på dagtid!
Me ynskjer Sylvia lukke til som pensjonist!