Publisert 01.09.10
Midt i august visste vi at NAV-telefonen ville snakke med brukar nr 100 000 onsdag eller torsdag i veke 34. Kake vart bestilt, kameraet teke fram og nedtellinga starta. Like over kl 11 torsdag 26. august fekk Olav Johannes Aaberge e-post med melding om at han sat i telefonsamtale nr 100 000.
- Det var ei samtale med mykje kjensler i, slik vi har mange av på NAV-telefonen. Innringar hadde ikkje levert meldekort systematisk, og det fekk konsekvensar for dagpengane. Innringar fekk med seg at vi sat i telefonsamtale nr 100 000, og då vart det litt latter i samtalen og, fortel Aaberge.
- Det er ganske fantastisk at vi allereie etter vel eit halvår med NAV-telefonen har gjennomført 100 000 brukarmøte. Mange innbyggjarar i fylket vårt har mykje og hyppig kontakt med NAV på telefon, og vi er opptekne av at dei skal møtast på ei god måte. Vi har hatt lengre svartid enn vi har lova brukarar og samarbeidspartar, men sidan mai har vi vore tett opp til målet vårt om at 70 prosent av alle som ringer skal få svar innan 30 sekund, seier Aaberge.
- I dag, 1. september, kunne vi feire at fylket i august for første gong hadde måloppnåing for ein heil månad, seier fylkesdirektør Tore Thorsnes. Vi har jobba målbevisst for å knekke alle kodar med sikte på å få til effektive og trygge brukarmøte over telefon. Venteleg vil vi no stabilisere oss på eit nivå over kravet på 70 prosent og bli den beste NAV-telefonen i landet, slik målet vårt heile tida har vore.