Publisert 16.08.10
308 heilt permitterte arbeidstakarar fordelt på 128 i fiskeindustrien og 180 hovudsakleg i annan industri fører til at arbeidsløysa aukar også i juli samanlikna med juli i fjor. Auken er på 16 prosent og Sogn og Fjordane skil seg såleis frå utviklinga på landsnivå, der auken har stogga opp.
– Hovudårsaka til dette er at utfordringane til den konkurranseutsette industrien, som Sogn og Fjordane har mykje av enno ikkje er over, fortel direktør i NAV Tore Thorsnes.
1363 personar er no heilt utan arbeid og dette utgjer 2,4 prosent av arbeidstyrken. Dette er framleis lågt i landssamanheng og det er berre Oppland og Rogaland, begge med 2,2 prosent, som har lågare arbeidsløyse enn Sogn og Fjordane. Arbeidsløysa i Noreg er no på 3,0 prosent.
Talet på langtidsledige aukar framleis og utgjer no 267 personar, noko som er 91 personar fleire enn på same tid i fjor. NAV Sogn og Fjordane vil styrke innsatsen for å snu denne utviklinga utover hausten.
Arbeidsløyseutviklinga er svært ulik i kommunane i fylket. Om lag halvparten har nedgang eller stabilitet i motsetnad til kommunar med mange sysselsette innan industriell produksjon, som framleis har til dels svært negativ utvikling siste året. Dette gjev særleg negative utslag i Flora (+81%), Årdal (+100%) og Stryn (+66%).