Publisert 02.07.10
Sidan juni i fjor har arbeidsløysa i Sogn og Fjordane auka med heile 21 prosent. På landsnivå er auken langt mindre.
- Fleire permitterte og færre personar i tiltak forklarar ein god del av auken i Sogn og Fjordane. Vi må også sjå dette på bakgrunn av at fylket hadde klart lågast arbeidsløyse i landet i juni i fjor, seier direktør Tore Thorsnes ved NAV Sogn og Fjordane
Ved utgangen av juni er 1205 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Dette utgjer 2,2 prosent av arbeidsstyrken, og Sogn og Fjordane er framleis blant dei fylka som har lågast arbeidsløyse. Berre Oppland har lågare arbeidsløyse i juni. På landsnivå er arbeidsløysa 2,8 prosent.
Sidan juni i fjor er talet på langtidsledige meir enn dobla. Det er no 259 personar i Sogn og Fjordane som har vore arbeidslause i meir enn seks månader. Flora og Høyanger har flest langtidsledige.
- Vi veit at personar som har vore ledige lenge får store vanskar med å kome tilbake i arbeid. I Høyanger har NAV, i samarbeid med kommunen, sett inn ekstra ressursar for å hjelpe dei langtidsledige tilbake i jobb. Erfaringane med dette gjer oss betre rusta til å hjelpe langtidsledige også andre stader i fylket, seier Thorsnes.
Samanlikna med juni i fjor har arbeidsløysa auka mest i kategoriane barne- og ungdomsarbeid og bygg og anlegg. Auken er på høvesvis 48 prosent og 46 prosent. Det er no 40 ledige barne- og ungdomsarbeidarar og 161 ledige i bygg og anlegg. I industrien er det 374 heilt ledige, ein auke på 18 prosent frå juni i fjor. Jordbruk, skogbruk og fiske har ein reduksjon i arbeidsløysa på 36 prosent.
244 av dei heilt ledige i fylket er permitterte, ein auke på 54 prosent frå juni i fjor. 79 av dei permitterte kjem frå fiskeindustrien.
I juni vart det lyst ut 558 ledige stillingar i Sogn og Fjordane, ein reduksjon på ni prosent frå juni i fjor. Nedgangen er størst innan bygg og anlegg. Innan kontorarbeid, serviceyrke, reiseliv og transport har stillingstilgangen auka.