Publisert 17.01.12
Dette var noka av det Anne Tove Sjøthun Nyheim (i midten) og Lise Rørvik (til høgre) frå NAV Høyanger ønskte å få fram då dei var på besøk til 10. klasse ved Høyanger ungdomsskule (rektor Solveig Berstad Sande til venstre).
- Det var eigentleg eit foreldremøte, der også elevane var med. Vi tykte at dette kunne vere lurt å slengje oss på og vart godt mottekne av rektor, foreldre og elevar, fortel NAV-leiar Anne Tove Sjøthun Nyheim.
I tillegg til at NAV-leiar var med " for å vise seg fram", vart møtet nytta til å få fram bodskapen om at det er viktig at ungdom vel utdanning ut frå interesse og at dei fullførar utdanninga dei har byrja på.
- Det er mange vegar til utdanning og arbeid og vi i NAV har absolutt noko å formidle til ungdom og foreldra deira når det gjeld arbeidsmarknad og kva som er viktig i val av yrke, meiner Sjøthun Nyheim.
Ho minner også om at det er oppretta eit formelt samarbeid mellom vidaregåande skule og NAV som vart fornya no i tilknyting til "NY GIV".
I møtet med ungdom og foreldra låg Sjøthun Nyheim og Rørvik vekt på dette:
• Det er du som ungdom som er vår viktigaste ressurs.
• Høg yrkesdeltaking er den viktigaste utfordringa i åra som kjem.
• Arbeid gjer deg økonomisk sjølvstendig, gjev deg god helse og eit sosialt liv.
Dei var også innom tema som etterspurt arbeidskraft i dag og i åra framover, bruk av nav.no, ungdomsgarantien og samarbeid med vidaregåande skule.
- Vi kunne heller ikkje kome utanom dette med fråvær. Det er viktig at ungdom er klar over at arbeidsgjevar legg like mykje vekt på om det er registrert fråvær på vitnemålet som karakterar frå fag. Konsekvensen for eleven er at ho kan miste ein ønska lærlingplass eller ordinær jobb år grunn av for mykje fråvær frå skulen. Arbeidsgjevar vil ha ein som kjem på jobb kvar dag og til rett tid, seier Sjøthun Nyheim.
Ho avsluttar med følgjande oppfordring til ungdom:
- Vel utdanning etter interesse, då er det størst sjanse for å lukkast. Og ikkje minst: Fullfør utdanninga. Ei utdanning er
aldri bortkasta og kan alltid byggjast vidare på. Og hugs: NAV er der for deg!