Publisert 06.04.11
Undersøkinga vart gjennomført ved NAV-kontora i Sande, Vanylven, Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda i februar i år.
Brukarane er godt nøgde med hjelpa dei får i møte med sin rettleiar i NAV. Over 91% av dei spurde svarar at dei heilt eller delvis har fått den hjelpa dei har behov for ved besøk i NAV-kontora på søre Sunnmøre.
”Dette viser at vi er på rett veg”, seier fylkesdirektør Stein Veland. ”Undersøkinga viser korleis brukarane opplever møtet med NAV, og gjev oss hjelp til å identifisere kva for område vi er gode på og kva utfordringar vi må arbeide vidare med i tida som kjem.”
Fylkesdirektøren er glad for alle som bidrog med svar, og opplyser at alle NAV-kontor i fylket vil gjennomføre ei tilsvarande undersøking i september.
Målet er å få ytterligare informasjon slik at NAV kan imøtekome brukarane sine behov på ein enda betre måte. Han håpar mange då også vil ta seg tid til å gi tilbakemelding på arbeidet NAV i fylket utfører
Klikk relatert informasjon til høgre for meir om undersøkinga.