Publisert 02.02.12
Tilgangen på ledige stillingar fortsetter å auke, samanliknar vi januar i år med same månad i fjor. – Ein mild vinter til no kan forklare noko, men ikkje alt, seier fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes, og kommenterar vidare: - Her er det fleire positive forhold som oppstår samstundes, særleg sett frå arbeidssøkjar sin ståstad.
– Men for arbeidsgjevarane blir situasjonen stadig meir utfordrande, ein sterk auke i utlyste stillingar samstundes som arbeidsløyse går ned, betyr færre potensielle søkjarar til dei ledige stillingane, kommenterer fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes. - Manglar bedriftene nøkkelpersonell vil prosjekt bli utsett og i verste fall kansellert. Det er såleis viktig at bedriftene får, så langt det er mogeleg, tak i den arbeidskrafta dei behøver, forklarar Bogsnes.
Arbeidsløysa gjekk ned for alle grupper. Sterkast var nedgangen for menn, for dei mellom 30-39 år, dei langtidsledige og personar med yrkesbakgrunn frå bygg- og anleggsnæringa. Vi registrerar samtidig at vi har hatt ein oppgang i arbeidsløyse blant ungdom under 20 år. - Dette er vi overraska over, seier Anne Kverneland Bogsnes. Når vi ser på fjoråret har vi fått i stand ei rekkje tiltak saman med andre aktørar, for å avgrense fråfallet frå vidaregåande skule. I tillegg blir det jobbaiherdig med å finne alternative løysingar for dei som fell ut, kommenterer Bogsnes. No har vi lagtbak oss ein periode med positiv utvikling også for denne gruppa og vi skal ikkje trekkje konklusjonar ut frå ein måling. Men det betyr at vi må jobbe endå hardare for å hjelpe ungdomane, seier fylkesdirektøren.
I Modalen og på Fedje er arbeidsløysa nær null. Deretter følgjer Masfjorden med ei arbeidsløyse på 1,2 prosent og Etne med 1,3 prosent. Med ei arbeidsløyse på 4,7 prosent er det framleis Stord som har dei den høgste arbeidsløysa i fylket.
Sjå elles relaterte lenker til høgre for over arbeidsløysa i kvar kommune, og www.nav.no for nasjonale tal.
Nøkkeltal for Hordaland, januar 2012
|
|
Januar 2012 |
Endring frå januar 2011 |
|
Heilt ledige |
6200 |
- 1254 |
|
I prosent av arbeidsstyrken |
2,4 % |
- 16,8 % |
|
I ordinære tiltak |
1556 |
+114 (+8%) |
|
Tilgang på ledige stillingar |
2938 |
+ 529 (+22%) |