Publisert 20.12.11
Det legemeldte sjukefråværet i Hordaland var i tredje kvartal 2011 på 5,8 prosent. Sjukefråværet for same kvartal i fjor låg på 6 prosent. Vi er no nede i det lågaste sjukefråværet sidan 2006 for same periode.
Totalt gjekk 578 868 dagsverk i Hordaland tapt på grunn av legemeldt sjukefråvær i tredje kvartal.
Sjukefråværet varierer mellom næringane i fylket. Helse- og sosialtenester er framleis næringa med høgst sjukefråvær med 8,3 prosent. Heile 152 335 dagsverk går tapt innan dette yrke. Lågast er sjukefråværet innan jordbruk, skogbruk og fiske med 3,4 prosent og fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting med eit sjukefråvær på 3,6 prosent.
Muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar utgjer nærare 42 prosent av sjukefråværet og er dei vanlegaste årsakene til at folk vert sjukemeldt.
Ordninga med aktiv sjukemelding blei avvikla 1. juli 2011. I staden blir det lagt opp til meir bruk av gradert sjukemelding. Gradert sjukemelding har auka frå 16,9 prosent 3. kvartal 2010 til 19,6 prosent 3. kvartal 2011. Talet på sjukefråværstilfelle har hatt ei svak auke samstundes som sjukefråværet samla sett har gått tilbake.
- Det er positivt at sjukefråværet går tilbake samstundes som andelen graderte sjukemeldingar aukar. Dette gjer det lettare for arbeidstakar og arbeidsgjevar saman med lege å finne gode løysingar. Gradert sjukemelding er eit viktig virkemiddel for å halde kontakten med arbeidsplassen, kommenterer fylkesdirektør i NAV Hordaland Anne Kverneland Bogsnes.
Bømlo, Austrheim og Fedje har lågast sjukefråvær i fylket med 4 prosent og ligg dermed godt under fylkesgjennomsnittet. Høgst sjukefråvær finn vi på Osterøy med eit sjukefråvær på 7,4 prosent.
1.juli 2011 vart nye reglar for oppfølging av sjukemelde innført. Tettare og tidlegare oppfølgjing er viktige ingrediensar i dei nye reglane. Det betyr nye krav for alle partar, også NAV.
Arbeidstakar og arbeidsgjevar skal saman med lege, og med NAVs hjelp, finne ut kva som kan hjelpe den enkelte ansatte til å stå i jobb. Er ein så sjuk at ein ikkje kan vere i arbeid skal ein ikke jobbe. Blir arbeidet tilrettelagt slik at ein kan jobbe noko, er det betre enn full sjukmelding. Tilknytning til arbeidsplassen, kollegaer og eit sosialt fellesskap er viktig for kor raskt den ansatte kjem seg tilbake i jobb, seier Bogsnes.