Publisert 06.06.11
For å skape betre tenester treng vi tilbakemeldingar frå våre brukarar på kva som er bra og kva som ikkje er bra. Anten du har ris eller ros kan du gi oss ei skriftleg eller munnleg tilbakemelding.
Som brukar av NAV sine tenester kan du gi tilbakemelding på korleis du opplever vår service, anten det er positivt eller negativt. Med serviceklager meiner vi tilbakemeldingar frå brukarar som handlar om negative opplevingar av etaten sin service og serviceåtferd.
Døme på slike forhold kan vere:
Ei serviceklage er ikkje det same som ei klage eller anke på eit vedtak. Ei klage på eit vedtak som er fatta av NAV, skal behandlast etter saksbehandlingsreglane som gjeld på det aktuelle området. Dersom det i ei klage på vedtak også vert sett fram klage på dårleg service, skal denne behandlast uavhengig av sjølve klaga eller anka på vedtaket.