Publisert 22.12.11
Tilgangen på ledige stillingar auka med meir enn 10 prosent når ein samanliknar desember i år med same periode i fjor. I 2011 har det i snitt vært utlyst 11,5 prosent fleire stillingar enn i 2010. Arbeidsløysa i fylket syner samstundes ein nedgang på vel 11 prosent samanlikna med same månad i fjor. I snitt har talet på arbeidsledige vært 5% lågare enn i 2010.
– Vi er i ferd med å leggje bak oss eit år der fleire unge, og etter kvart langtidsledige og framandspråklege arbeidssøkjarar, har fått ta del i ein arbeidsmarknad prega av høg etterspørsel, kommenterer fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes. Ved utgangen av desember har Hordaland ei arbeidsløyse på 2,2 prosent. Totalt er 5674 registrert som arbeidsledige i Hordaland.
I desember går arbeidsløysa tilbake i alle aldersgrupper, men den går mest ned blant dei unge og dei eldre. Samanlikna med desember i fjor gjekk arbeidsløysa tilbake med 15 prosent blant ungdom under 25 år og med 16 prosent for personar over 60 år. Samtidig gjekk langtidsarbeidsløysa ned med nær 15 prosent. NAV reknar alle som har vore ledige i 6 månader eller meir som langtidsledige. Vi ser eit forhold som avviker frå alle dei positive trendane i 2011. For menn har arbeidsløysa, i snitt, blitt redusert med nær 12 prosent, mens for kvinner har arbeidsløysa auka med 6 prosent. Her må det nemnast at blant menn er arbeidsløysa på 2,4 prosent. For kvinner er dette talet 1,9 prosent. – Under finanskrisa var det fyrst og fremst næringar dominert av menn som blei råka. Det er nettopp desse næringane som no har ein sterk vekst i etterspurnaden etter arbeidskraft, forklarar Bogsnes.
Når Næringsbarometeret blei publisert i mai melde mange bransjar om problem med å rekruttere arbeidskraft. Nær halvparten av verksemdene i bygg og anleggsnæringa og kvar tredje industriverksemd får ikkje tilsatt kompetent personell. – Det er grunn til å tru at press i arbeidsmarknaden gjennom 2011 har ført til forverra situasjon for verksemder på jakt etter kvalifisert arbeidskraft, kommenterer Bogsnes. Sjølv om NAV ikkje kan løyse alle desse utfordringane, jobbar vi for at arbeidsmarknadstiltaka våre skal være best mulig tilpassa behova i verksemdene. – Først og fremst er NAV oppteken av mogelegheitene denne situasjonen gir for personar som av ulike årsakar slit med å koma inn på arbeidsmarknaden, seier Bogsnes
I Modalen og på Fedje er arbeidsløysa nær null. Deretter følgjer Ullensvang med ei arbeidsløyse på 1,1 prosent og Austevoll med 1,2 prosent. Med ei arbeidsløyse på 5,4 prosent er det framleis Stord som har dei den høgste arbeidsløysa i fylket, men den har ikkje auka sidan same månad i fjor.