Publisert 22.11.07
NAV Arbeidsrådgjeving er ei andrelinjeteneste og eit rådgjevande organ innan NAV. NAV Arbeidsrådgjeving gjev råd til NAV-kontora om rettleiing og avklaring av yrkeshemma arbeidssøkjarar når det gjeld utdanning og høveleg arbeid, hovedsakleg på attføringsfeltet.
Alle som kjem til Arbeidsrådgjevingskontoret har yrkeshinder i form av sjukdom, skade eller lyte. I tillegg til individretta oppgåver og tenester fokuserer NAV Arbeidsrådgjeving også på systemretta fagleg arbeid, som til dømes metodeutvikling, samarbeid internt i NAV og med andre etatar, prosjekt og analysearbeid.
Alle medarbeidarar ved NAV Arbeidsrådgjeving gjev råd og rettleiing, og hjelper til med interesseavklaringar utfrå føresetnadane hos den enkelte.
Pedagogtenester:
Utreie funksjonsevne, kartlegge arbeids- og studieevne, avklare lese-/skrivevanskar og kartlegge behov for arbeidsplasstilrettelegging.
Psykologtenester:
Utreie funksjonsevne og kartlegge evner og personlege føresetnader.
Utvida tenester for Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane:
Utreiing for døve/hørselshemma, blinde/svaksynte og personar med sjukdom/skade i sentralnervesystemet.
Rådgjevarar, prosjektarbeid m.m.
Særleg bistand til ulike utsette grupper, personar i LAR (Legemiddelassistert rehabilitering) og psykiatriprosjekt.
Arbeidssøkjarar som ynskjer bistand frå NAV Arbeidsrådgjeving må kontakte sitt lokale NAV-kontor.
NAV Arbeidsrådgjeving Hordaland
Besøksadresse: Olav Kyrresgate 22, 4. etasje
Postadresse: Postboks 279, 5804 Bergen
Telefon: 53 04 00 00