Publisert 13.11.07
- Mange trur at arbeidet med individuell plan er omfattande, men det handlar om å sy saman deltilboda til brukar, slik at
den eine handa veit kva den andre gjer, sa Jon Tvedt frå Sosial- og helsedirektoratet.
Tvedt deltok som innleiar på kurs for NAV - tilsette i individuell plan. Opplæringa er kommen i stand som fylgje av samarbeid mellom to sentrale prosjekt i NAV som har sett oppfølging på dagsorden; Tettare individuell oppfølging, kalla ”Tett på” i Bergen og psykiatrisatsinga ”Vilje viser vei. Seminaret er ein del av kompetansehevinga i begge prosjekta. Det er no bestemt at denne delen skal inngå som ein fast del av kompetansepakken dei tilsette på NAV- kontora skal gjennom, seier Ingjerd Søheim, fylkeskooordinator Vilje viser vei i Hordaland. Arbeids- og velferdsforvaltningsloven paragraf 15 lovfestar NAV kontoret si plikt til å få utarbeida individuell plan for den som har behov for langvarige og koordinerte tenester.
Tvedt prøvde å avdramatisere tidsbruken, og minna på om at ein individuell plan ikkje treng å være på førti sider. Brukar må gjerne starte opp arbeidet med planen sjølv, det er brukaren sine eigne målsettingar, ressursar og mål som skal vere i sentrum. Vidare skal dei ulike hjelpetilboda syast saman slik at dei heng i hop og utfyllar kvarandre, fortalte han vidare. Arbeidsmetoden forutset ein målretta innsats der dei som samarbeider har kjennskap og tillit til kvarandre.
Torhild Kjelland og Arild Bakkevold var kommen heilt frå Ringsaker for å fortelje om erfaringane med individuell plan. Dei jobba etter KISS- prinsippet, ”keep it small an d simple”. Erkjenn at ”detta greier du itte aleine”, du treng å samarbeide skal du komme i mål, sa dei til forsamlinga. Bruk gjerne PC med på møta for å forenkle arbeidet og oppdater planen jevnleg. Men begynn i det små, det er betre med ein stusselig plan som kan omgjerast til noko meir etter kvart som samarbeidet skrid fram. Og heng dykk ikkje opp i malar, var bodskapen. Kva er viktig for brukar, nemleg at partane forpliktar seg. La ikkje dette bli saksbehandlars plan, men brukar. Utfordringa er å få individuell plan til å bli eit levande dokument som får ein verdi i samhandlinga mellom brukar og hjelpeapparat.