Publisert 02.08.10
Totalt var 6915 hordalendingar registrert som heilt arbeidsledige i juli. Dette er ei marginal auke på 175 personar eller
2,6 prosent samanlikna med same månad i fjor. Det er framleis bygg og anlegg og industrien som har den høgaste ledigheita.
På den andre sida er det også desse næringane som har størst behov for folk. – Dette stadfestar inntrykket av at næringane
som først merka finanskrisa no er på offensiven igjen, seier assisterande fylkesdirektør i NAV Hordaland Tommy Johansen.
Ser me på dei sesongjusterte tala, så er det ei lita auke frå juni til juli. Talet på ledige i Hordaland har helde seg stabilt i lengre tid, dersom ein tek høgde for sesongvariasjonane. - - Sjølv med ei auke i ledigheita samanlikna med i fjor, så tydar alt på vi vil oppleve nedgang i arbeidsløysa i løpet av året, seier Tommy Johansen.
Dersom me slår saman dei heilt ledige, delvis ledige og deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak dei seinaste månadane, så er det ein tendens i Hordaland at det totale talet går nedover. Det var flest i mars i år med over 12 000 til saman i desse kategoriane, mens det i juli berre er rett under 10 000 i dei same.
I same tidsrom har talet på delvis og heilt permitterte i Hordaland vorte redusert frå 2286 i mars i år, medan det i juli berre var 1010 permitterte.
Ser me på utlyste stillingar i juli, er det ei auke på 19 % frå juli i fjor. Auka kjem hovudsakleg innan industrien, serviceyrka, og bygg og anlegg.
Sjå elles vedlagte statistikkar.