Publisert 22.06.10
Det legemeldte sjukefråværet i Hordaland var på 5,8 prosent første kvartal i år. Dette er ein nedgang på 0,6 prosentpoeng
samanlikna med same periode i fjor. – Nedgangen er interessant, men det er førebels for tidleg å seie om utviklinga i sjukefråværet
har snudd, seier fylkesdirektør i NAV Hordaland Anne Kverneland Bogsnes
Tala vil seie at arbeidslivet i Hordaland tapte vel 73 000 færre dagsverk enn på same tidspunkt i fjor.
- Vi ser at det legemeldte sjukfråværet har gått ned i dei fleste næringane. Mest markant er nedgangen innan jordbruk, skogbruk og fiske, og finansierings- og forsikringssektoren. Men også innan offentleg administrasjon, forsvar og sosialforsikring, og innan helse- og sosialtenester ser vi ein tydeleg nedgang, seier Bogsnes.
Utslag av finanskrisa kan vere ei av årsakene til nedgangen. – Vi veit at sjukefråværet vanlegvis går ned når arbeidsløysa aukar. Normalt tek det noko tid før denne samanhengen blir synleg på sjukefråværstala, kommenterer Bogsnes.
Det var også ein del merksemd rundt det høge sjukefråværet i byrjinga av året.
- Det er mogleg at det høge fokuset har påverka alle partar, både arbeidstakarar, arbeidsgjevarar og legar, legg Bogsnes til.
Sjukefråværet stig med alderen, og høgast er fråværet i aldersgruppa 60 – 64 år (7,4 %). Sjukefråværet er også høgare blant kvinner (7,5 %) enn blant menn (4,4 %).
Kommunane som har prosentvis lågast sjukefråvær er Fedje (2,6%), Granvin (3,8%), Etne (4,1 %) og Fitjar (4,1 %). Sjukefråværet er høgast i Sund (7,4 %), Meland (7,3 %) og Askøy (6,7 %).
Sjå vedlagt statistikk eller www.nav.no