Publisert 21.06.10
Det var to snorer som skulle klippast då både det nye tinghuset og NAV-kontoret vart opna offisielt på torsdag. – Tenestetilbodet i kommunen blir meir samla gjennom at NAV er lokalisert i bygget, sa ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik.
NAV Voss var det nest siste kontoret som vart etablert i fylket, men det siste som markerte offisiell opning. Dermed er NAV-kartet i Hordaland fullteikna. No har alle kommunane i fylket fått eigne NAV-kontor, og ein fire år lang prosjektperiode er sluttført!
NAV Voss skulle eigentleg vore opna mot slutten av fjoråret, men grunna forsinkingar i byggeprosessen blei opninga utsett til 2010. Men sjølv om vegen har vore lang, såg dei fleste ut til å vere nøgde med sluttresultatet. Tinghuset har blitt utvida og det har blitt plass til både NAV-kontor og fleire kommunale tenester. Torsdag var det klart for kake og fest for gjester og medarbeidarar på Voss tinghus.
Prosessen med å etablere NAV-kontoret starta i 2007. – Det har blitt vist stort engasjement både fra stat og kommune. No skal de ta fatt på den vidare utviklinga av kontoret – alt med målet for auget om å gi innbyggjarane på Voss muligheiter, sa fylkesdirektør i NAV Hordaland Anne Kverneland Bogsnes i si opningstale.
- Forventningane vil vere store frå første stund, men vi er sikre på at de vil gripe utfordringane, la fylkesdirektøren til.
NAV-kontoret på Voss blir leia av statleg leiar Grete Varberg Sabri og kommunal leiar Vigdis Reisæter – Vi har alltid jobba tett saman, og i praksis har vi i så måte vore eit NAV-kontor lenge. No har vi fått ei dør inn der brukarne skal få rettleiing, rådgjeving og oppfølging, kommenterte Sabri.
Vi ynskjer NAV Voss lukke til med det vidare arbeidet og gratulerer Hordaland med at 40 NAV-kontor er på plass!
Siste snorklipp: Anne Kverneland Bogsnes opna det siste NAV-kontoret i Hordaland.
Tospannet Grete Varberg Sabri og Vigdis Reisæter skal saman leie NAV-kontoret på Voss.
Ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik fekk hjelp av både Kristen Skjeldal og Lars Bystøl då ho opna dei nye møteromma "Skjeldal", "Bystøl" og "Traa" i tinghuset.