Dersom du har levd på sosialhjelp over lang tid eller står i fare for å kome i ein slik situasjon, kan du få hjelp gjennom Kvalifiseringsprogrammet.
Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod til deg om opplæring og arbeidstrening, og den oppfylginga du treng for å kome i arbeid eller meiningsfull aktivitet. Programmet gjev deg også ein moglegheit for å avklare kva andre rettar til inntekt du kan ha dersom du ikkje klarar vanleg arbeid.
I reglane for programmet gjeld også:
Kvalifiseringsprogrammet er ein ny moglegheit for deg som:
Det er kva du kan og kva du ynskjer som avgjer innhaldet i ditt kvalifiseringsprogram. Saman med rettleiar vil du derfor kunne planlegge innhaldet i programmet, som fyrst og fremst skal innehalde:
Dersom du treng medisinsk eller anna behandling, eller rettleiing på andre livsområde enn arbeid, kan dette innarbeidast. Døme på dette kan vere økonomisk rådgjeving, butilhøve, fritidsaktivitetar, svevnproblem, kosthald og fysisk trening.
Du får ansvar for å fylgje opp planen, i samarbeid med rettleiar frå NAV-kontoret.
Som deltakar i kvalifiseringsprogram har du rett til kvalifiseringsstønad.
Kvalifiseringsprogram kan gjevast for ein periode på inntil eitt år. Etter ei ny vurdering kan det bli forlenga med eitt år, eventuelt meir dersom det er nødvendig.
Trur du kvalifiseringsprogrammet kan vere noko for deg? Ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor.