Opplæringspengar skal kompensere for bortfall av arbeidsinntekt for yrkesaktive som har omsorg for langvarig sjuke eller funksjonshemma barn. Du kan få opplæringspengar når du må delta på kurs eller anna opplæring ved godkjend helseinstitusjon for å kunne ta deg av og behandle barnet.
Du kan få opplæringspengar dersom du er yrkesaktiv og har omsorg for langvarig sjuke eller funksjonshemma barn. Ved behov kan begge foreldra få opplæringspengar samtidig.
For å få rett til opplæringspengar må du oppfylle dei generelle vilkåra om oppteningstid og tap av arbeidsinntekt.
Det er eit vilkår for å få rett til opplæringspengar at opplæringa er nødvendig for å kunne ta seg av og behandle barnet.
Dersom du får opplæring ved ein godkjend helseinstitusjon eller deltek på foreldrekurs ved eit offentleg spesialpedagogisk kompetansesenter, kan du ha rett til opplæringspengar.
Du kan òg få opplæringspengar når kurset blir halde utanfor lokala til helseinstitusjonen. Då er det ein føresetnad at kurset eller opplæringa skjer i regi av helseinstitusjonen, altså at institusjonen har heile det faglege og økonomiske ansvaret for kurset og også dekkjer opphaldsutgiftene til dei pårørande.
Du har ikkje rett til opplæringspengar når du deltek i opplæring som blir arrangert utanfor helseinstitusjon, til dømes av humanitære organisasjonar.
Du kan få stønad sjølv om barnet har fylt 18 år.
Du kan lese meir om vilkåra for rett til opplæringspengar i folketrygdlova § 9-2, § 9-3 og § 9-13 under Regelverk i menyen til høgre.
Du kan få opplæringspengar etter dei same føresegnene som gjeld for sjukepengar ved eigen sjukdom. Det er ingen arbeidsgivarperiode ved opplæringspengar. Alle stønadsmottakarar får opplæringspengar frå første dag frå NAV. Arbeidsgivarar kan forskotere og krevje refusjon frå NAV.
Til arbeidstakarar betaler NAV ut feriepengar av opplæringspengane. Du får feriepengar berre for dei tolv første vekene med opplæringspengar.
Feriepengane utgjer 10,2 prosent av stønaden.
Du kan få opplæringspengar så lenge vilkåra for det er oppfylt. Det er inga tidsavgrensing for ytinga.
Du søkjer om opplæringspengar ved å fylle ut legeerklæring (NAV-blankett 09-11.08). Del 1-2, som du får av ansvarleg helseinstitusjon, skal vere fylt ut av lege. Den som søkjer om opplæringspengar, må skrive under på blanketten.
Søknaden sender eller leverer du til NAV-kontoret ditt.
Dersom du er arbeidstakar, må arbeidsgivaren sende inn skjema for inntektsopplysningar (NAV 08-30.01) til NAV-kontoret ditt.
Du kan få opplæringspengar for opptil tre månader før den månaden då søknaden blei motteken, dersom vilkåra var oppfylte i denne perioden.
Dersom det blir endringar i forhold som kan vere viktige for ytinga frå NAV, må du straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.