Omsorgspengar skal kompensere for bortfall av arbeidsinntekt for arbeidstakarar i samband med sjukdom hos barn eller barnepassar.
Dersom du er arbeidstakar og har omsorg for barn under 12 år, har du rett til omsorgspengar. Dersom barnet er kronisk sjukt eller funksjonshemma, gjeld retten til barnet er 18 år. Retten til fleire dagar ved kronisk sjukt eller funksjonshemma barn må godkjennast av NAV på førehand.
For å få rett til omsorgspengar må du oppfylle dei generelle vilkåra om oppteningstid og tap av arbeidsinntekt.
Dersom du må vere borte frå arbeidet på grunn av nødvendig tilsyn og pleie når barnet er sjukt, har du rett til omsorgspengar.
Det same gjeld dersom du må vere borte frå arbeidet fordi
Du kan lese meir om vilkåra for rett til omsorgspengar ved sjukdom hos barn i folketrygdlova § 9-2, § 9-3 og § 9-5 under Regelverk i menyen til høgre.
Du kan få omsorgspengar i
Dersom foreldra ikkje bur saman, kan dagane med omsorgspengar fordelast mellom foreldra på grunnlag av samværsavtalen. Foreldra må gi ei skriftleg erklæring til NAV om omsorgsfordelinga i samsvar med samværsavtalen. NAV skriv ut ei erklæring til arbeidsgivaren om fordeling av retten til omsorgspengar.
Omsorgspengar blir berekna på same måten som sjukepengar og utgjer 100 prosent av sjukepengegrunnlaget.
Arbeidsgivaren din har ansvar for å betale omsorgspengar i ti dagar per kalenderår.
For å få rett til omsorgspengar frå arbeidsgivaren må du dokumentere sjukdommen til barnet eller barnepassaren med eigenmelding.
Frå den fjerde dagen kan arbeidsgivaren krevje at du dokumenterer sjukdommen til barnet eller barnepassaren med legeerklæring.
Når NAV skal betale ut omsorgspengar, krev vi at du dokumenterer sjukdommen til barnet eller barnepassaren med legeerklæring.
Dersom du har eit kronisk sjukt eller funksjonshemma barn, kan du søkje om utvida rett til stønadsdagar.
Du søkjer på skjemaet ”Krav om førehandsgodkjenning – auka tal stønadsdagar med omsorgspengar” (NAV 09-06.05), som du finn under Skjema i menyen til høgre. Når du har valt rett skjema, kjem du til skjemarettleiaren. I denne rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slags dokumentasjon du må leggje ved søknaden.
Du får òg opp ei førsteside. For at vi skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg om å sende inn det som står nemnt på førstesida. Legg førstesida øvst i sendinga/brevet.
Arbeidsgivaren kan krevje refusjon frå NAV frå og med den ellevte stønadsdagen. Dersom du berre har omsorg for eit kronisk sjukt eller funksjonshemma barn over 12 år, har arbeidsgivaren rett til refusjon frå NAV for alle dagane.
Dersom arbeidsgivaren søkjer om refusjon frå NAV, må skjemaet for inntektsopplysningar leggjast ved (NAV 08-30.01).
Dersom det blir endringar i forhold som kan vere viktige for ytinga frå NAV, må du straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.