Er du døv, sterkt hørselshemma eller døvblind, kan du få gratis tolkehjelp eller tolk-følgjepersonhjelp gjennom NAV hjelpemiddelsentral.
Du kan få nødvendig tolkehjelp og tolk-følgjepersonhjelp for å fungere i dagleglivet, arbeidslivet, utdanning og polikliniske helsetenester. Kva for føremål i dagleglivet du vil bruke tolk og tolk-følgjeperson til og til kva tid, bestemmer du sjølv. Hørselshemma barn i utlandet kan få dekt alle utgifter ved behov for tolkehjelp i utlandet i samband med gjeremåla i dagleglivet.
Det finst fleire typar tolkemetodar:
NAV hjelpemiddelsentralar i Akershus, Møre og Romsdal og Nordland har tilbod om fjerntolking via bilettelefonar som kan vise levande bilete (videofon). Både lyd og bilete blir overførte gjennom bilettelefon, og tolken treng dermed ikkje å vere fysisk til stades under tolkinga.
Kva for type tolkemetode det er behov for, er avhengig av situasjon, type hørselshemming og om hørselshemminga er kombinert med synshemming. NAV Tolketeneste vurderer ut frå kva slags type oppdrag det gjeld, og vil også finne ut om ein skal bruke éin eller fleire tolkar.
NAV hjelpemiddelsentral vurderer tolketingingane ut frå kva slags oppdrag det gjeld for å finne rett tolk, og eventuelt om ein eller fleire tolkar skal tolke.
I tillegg ønsket til brukaren vil desse kriteria bli vurderte:
NAV hjelpemiddelsentral vurderer om det skal brukast éin eller fleire tolkar til eit oppdrag. Ein skal ta vare på dei behova brukaren har i den enkelte situasjonen. Ressursbruken skal også vurderast. Kor lenge oppdraget varer, er ikkje eit enkeltståande kriterium for vurderinga.
Bruk av to eller fleire tolkar blir vurdert ut frå:
Bruk av to eller fleire tolkar kan gjerast på fleire måtar. To eller fleire tolkar gjer arbeidet sitt i intervall. Intervalla kan vare frå 15-20 minutt, ein time, to timar, ein halv dag osv. Variasjonane blir avgjorde i forhold til innhald, kompleksitet og intensitet på oppdraget.
Sjå også praktiske opplysningar om tolke- og følgjepersonhjelp
For å få innvilga tolkehjelp må du først søkje NAV hjelpemiddelsentral i fylket ditt og få eit vedtak på at du fyller vilkåra.
Innvilga søknad til tolkehjelp eller tolk-følgjepersonhjelp gjer det mogleg å tinge tolk på tolketenesta fortløpande.
Du kan få raskare svar dersom du sjølv skaffar den informasjonen som hjelpemiddelsentralen treng for å behandle søknaden.
Vedlegg til søknaden:
Dei fleste søknadene blir avgjorde på ein dag. Maksimal behandlingstid er ein månad.
Dei fleste rettane til tolketeneste er heimla i lov om folketrygd. Rettane omfattar tolkehjelp til høgare utdanning, skaffe seg eller halde på arbeid, ved helsetenester, rehabilitering og til daglege gjeremål. Daglege gjeremål omfattar rett til tolk etter behov der tolkehjelp ikkje er heimla i andre lover eller reglar.