Tolking for døve skjer ved ei språkleg omsetjing til og frå talt norsk og norsk teiknspråk. Tolking for døvblitte og sterkt tunghørtblitte skjer som oftast ved ei blandingsform som støttar seg på norsk syntaks og grammatikk, og tydelege munnrørsler, men som visualiserer ved å bruke teikn og grammatiske verkemiddel frå teiknspråk. Denne metoden blir gjerne kalla teikn som støtte til munnavlesing og blir forkorta TSS.
Dersom døvblitte og sterkt tunghørtblitte ikkje kan lese teikn som støtte til tale, tilbyr NAV Tolketeneste skrivetolking, som oftast ved ein datamaskin.
Tolking for døvblinde inneheld tolking og følging der også omgivnadene og situasjonen blir skildra. Tolkinga kan skje både visuelt og taktilt (den døvblinde held hendene sine over hendene til tolken). For døvblinde som er primært blinde, kan tolking skje gjennom tydeleg tale som blir oppfatta av eit høreapparat. Følgje blir brukt når ein skal flytte seg frå ein stad til ein annan.
Hjelpemiddelsentralen vurderer om det skal brukast éin eller fleire tolkar til eit oppdrag. Omsynet til behova brukaren har i den enkelte situasjonen, skal ivaretakast. Ressursbruken skal også vurderast. Kor lenge oppdraget varer, er ikkje eit enkeltståande kriterium for vurderinga.
Bruk av to eller fleire tolkar blir vurdert ut frå:
Bruk av to eller fleire tolkar kan gjerast på fleire måtar. To eller fleire tolkar gjer arbeidet sitt i intervall. Intervalla kan vare frå 15-20 minutt, ein time, to timar, ein halv dag osv. Variasjonane blir avgjorde i forhold til innhald, kompleksitet og intensitet på oppdraget.
Det krev stor konsentrasjon for å sikre korrekt tolking av all informasjon. Tolkane har derfor behov for pausar. Ved oppdrag som varer meir enn ein time, skal tolken/tolkane har 10–15 minutt pause kvar time. Ein kan også velje å nytte to tolkar eller fleire ved behov (to-tolksystem).