Du kan bestille tolkehjelp for hørselshemma og tolk-følgjepersonhjelp for døvblinde på NAV hjelpemiddelsentral i heimstadfylket ditt. Du kan bestille bl.a. via telefon, sms, teksttelefon, faks eller bilettelefon.
Telefon- og adresselista til NAV hjelpemiddelsentralane finn du under hurtigvala. Du kan også fylle ut bestillingsskjema og sende direkte til NAV hjelpemiddelsentral i fylket ditt. Til betre søknaden er utfylt, til raskare kan saksgangen gå. Tingarar kan vere
Ein tilrår å bestille tolk så tidleg som mogleg slik at tolkeformidlinga kan nytte tilgjengelege ressursar på beste måten. Somme gonger kan det vere tolkemangel, og hjelpemiddelsentralane må da prioritere eitt oppdrag framfor eit anna. Akutte oppdrag der det er fare for liv og helse, vil alltid komme først. Sentrale hendingar i livet vil også kunne komme før andre oppdrag.
Hjelpemiddelsentralen vurderer tolkebestillingane ut frå kva slags oppdrag det gjeld for å finne rett tolk, og eventuelt om ein eller fleire tolkar skal tolke.
I tillegg til ønsket frå brukaren vil desse kriteria bli vurderte:
Det er få tolkar, og derfor er det svært viktig å avbestille snarast mogleg dersom ein ikkje har behov for tolkehjelpa ein har bestilt. Dersom tolkeoppdraget må avbestillast på grunn av sjukdom hos tolken, skal NAV hjelpemiddelsentral så langt det er mogleg tilby brukaren annan tolk. Dersom det ikkje er mogleg å skaffe annan tolk, skal brukar få melding om dette snarast. Dersom eit oppdrag som er bestilt av andre betalarar, blir avbestilt seinare enn 24 timar før oppdraget, blir rekning send.
Brukar må vere førebudd på at desse opplysningane må vere tilgjengelege ved bestilling:
I somme situasjonar dekkjer ikkje folketrygda tolkehjelp. Da er det andre instansar som betaler. Forvaltningslova § 11 og 15 seier at offentlege etatar har rettleiings- og informasjonsplikt overfor brukarane sine. Det vil seie at det er den enkelte instansen som skal betale for tenesta. Nedanfor ser du ei liste over dei fleste aktuelle betalarane og døme på kva for situasjonar dei har ansvar for. Som brukar skal du uansett vende deg til NAV hjelpemiddelsentral.
Jf. kommunehelsetenestelova, sosialtenestelova, opplæringslova