Publisert 07.12.11
Frå 1. desember 2011 har vi fått ein ny rammeavtale på innkjøp av regulerbare senger, enkle madrassar, hjartebrett og sengebord.
Rammeavtalen på regulerbare senger gjeld som vanleg ved behov for nyinnkjøp. Det er høg gjenbruksprosent på regulerbare senger hjå oss, og nye senger vert kjøpt ved behov.
Bestillingslistene våre er oppdaterte med omsyn til dei nye produkta som er på avtale. Bestillingslista
Nytt produkt i avtalen er mellom anna ståseng. Vidare er Varodd si seng Opus i ulike breidder rangert som nr.1 i dei mest vanlege postane (gruppene) i avtalen. Det er såleis denne senga som blir kjøpt inn, med mindre vi vurderer det slik at brukar sitt behov ikkje vert dekka av avtaleproduktet. Senga Opus kan delast, og tyngste del veg 24 kg.
Leverandøren Varodd kjem til å ta kontakt med kommunane for avtale om produktgjennomgang av mellom anna dei nye sengene.
I løpet av 2012 kjem vi til å invitera vaktmeistrar til temadag der mellom anna opplæring i bruk og vedlikehald av den nye senga vert tema.