Publisert 03.11.11
I Sogn og Fjordane er det få personar som søkjer om hjelpemiddel til bruk i arbeidslivet. Kan det vere personar som ikkje får den informasjonen dei treng?
Hjelpemiddel i arbeidslivet
Personar med varig nedsett funksjonsevne kan få stønad til nødvendige hjelpemiddel som dei treng for å kunne behalde eller kome i arbeid. Dette gjeld hjelpemiddel som det er uvanleg at arbeidsgjevar har og som ikkje er ordinært driftsutstyr i aktuell verksemd. Hjelpemidlet skal direkte avhjelpe ei funksjonsnedsetjing.
Kvar sak blir vurdert individuelt og det fins ikkje oversikt over kva type utstyr som det kan gjevast stønad til. Avgrensingane er som nemnt over, eller av økonomisk karakter.
I Sogn og Fjordane er det få personar som søkjer om hjelpemiddel til bruk i arbeidslivet. NAV Hjelpemiddelsentral Sogn og Fjordane trur at det finst personar som ikkje får den hjelpa dei treng, til dømes:
Stønadsformer:
Arbeidstakarar og arbeidsgjevarar:
Hjelpemiddel som er vanleg sortiment på NAV Hjelpemiddelsentral, blir som regel lånt ut. Utstyr som ikkje er sortiment med verdi under1 G ( 1G per 01.05.2011 = kr. 79 216,-), blir gjeve som tilskot . Ombygging av utstyr/maskiner blir gjeve som tilskot. Tilskot inkluderer pris, meirverdiavgift, montering og frakt. Arbeidsgjevar bestiller utstyret og sender spesifisert rekning til NAV Hjelpemiddelsentral. Søkjar blir eigar av utstyret.
Sjølvstendig næringsdrivande:
Hjelpemiddel som er vanleg sortiment på NAV Hjelpemiddelsentral, blir som regel lånt ut. Utstyr som ikkje er sortiment med verdi under1 G ( 1G per 01.05.2011 = kr. 79 216,-), blir gjeve som tilskot. Stønad til utstyr med verdi over 1G blir gjeve som eit rente – og avdragsfritt lån over 10 år. Den sjølvstendig næringsdrivande må betale ein eigendel på 40% av tiltaket ved tilskot når tiltaket er eit moderniserings- og effektiviseringstiltak, og alltid ved rente- og avdragsfrie lån. Ombygging av utstyr/maskiner blir gjeve som tilskot. Søkjar blir eigar av utstyret.
Arbeidstrening / utdanning:
Personar med nedsett funksjonsevne som er på arbeidstrening eller i utdanning kan få stønad til hjelpemiddel, dersom hjelpemidlet er nødvendig for å få gjennomført arbeidstreninga/utdanninga. Hjelpemiddel som er vanleg sortiment på NAV Hjelpemiddelsentral, kan som regel lånast ut frå NAV Hjelpemiddelsentral. Utstyr som ikkje er sortiment med verdi under1 G( 1G per 01.05.2011 = kr. 79 216,-), blir gjeve som tilskot. Ombygging av utstyr/maskiner blir gjeve som tilskot.
Kva treng hjelpemiddelsentralen av opplysningar når ein skal søkje om hjelpemiddel:
Hjelpemiddelsentralen må få opplysningar om funksjonsnedsetjing, diagnose, kva verksemda har gjort for å legge til rette arbeidsplassen, kva arbeidsoppgåver søkjaren har, to pristilbod på aktuelt utstyr og opplysningar om kva funksjonsnedsetjing det aktuelle utstyret skal avhjelpe. Søknadskjema må vere underskrive av den personen som skal bruke hjelpemidlet.
Sjølvstendig næringsdrivande må levere næringsoppgåver for dei siste to åra.
Uttale frå lege, fysioterapeut/ergoterapeut/ bedrifthelseteneste og hjelpeskjema må fyllast ut og nødvendig dokumentasjon leggast ved.
Total behandlingstid av søknader til NAV Hjelpemiddelsentral er heilt avhengig av om vi får dei nødvendige opplysningane som vi treng for å behandle søknaden.
På www.nav.no finn du aktuelle skjema (søknadskjema og hjelpeskjema).