Publisert 14.05.12
Her finn du dei mest nytta hjelpemidla for rørslehemma. Du vil også finne litt informasjon om syklar, elektriske rullestolar
og hjelpemiddel til sommar og vinteraktivitet.
For at vi skal kunne levere ut hjelpemiddel, må brukar skrive ein søknad der du gjer greie for mellom anna funksjon, ressursar,
kva funksjonsnedsetjing hjelpemidlet skal erstatte, kva tiltak som har vore prøvd for å greie seg utan hjelpemiddel osv. Dersom
vi kan gjere eit positivt vedtak, vert hjelpemidlet lånt ut frå oss.
Ein del fagpersonar i kommunane har dessutan godkjenning for å bestille hjelpemiddel frå ei bestillingsliste utan at det vert
skrive søknad.
Ein del brukarar med brukarpass har også høve til å nytte bestillingsordninga.
Vi får heile tida inn hjelpemiddel som kan brukast opp att. Mykje av dette står ikkje i lagervarelista, men dersom eit hjelpemiddel fungerer på same måte som det du har søkt om, får du kanskje eit av desse i staden for. Har du behov for eit særskilt hjelpemiddel, og du ikkje kan nytte tilsvarande må det presiserast i søknaden.
Dersom vi får alle nødvendige opplysningar i lag med søknaden, kan vi lett gjere vedtak og sikre rask levering av rett hjelpemiddel. For nokre hjelpemiddelgrupper har vi laga hjelpeskjema. Det lettar sakshandsaminga om du fyller ut desse, slik at vi slepp å hente inn fleire opplysningar.