Publisert 07.03.11
Her finn du dei mest nytta hjelpemidla for hørselshemma.
Korleis søke om hjelpemiddel
• For at vi skal kunne levere ut hjelpemiddel, må brukar skrive ein søknad der du gjer greie for mellom anna funksjon, ressursar,
kva funksjonsnedsetjing hjelpemidlet skal erstatte, kva tiltak som har vore prøvd for å greie seg utan hjelpemiddel osv. Dersom
vi kan gjere eit positivt vedtak, vert hjelpemidlet lånt ut frå oss.
• Ein del fagpersonar i kommunane har dessutan godkjenning for å bestille hjelpemiddel frå ei bestillingsliste utan at det
vert skrive søknad.
• Ein del brukarar med brukarpass har også høve til å nytte bestillingsordninga.
Gjenbruk
Vi får heile tida inn hjelpemiddel som kan brukast opp att. Mykje av dette står ikkje i lagervarelista, men dersom hjelpemidlet
fungerer på same måte som det du har søkt om, får du kanskje eit av desse i staden for. Har du behov for eit heilt særskilt
hjelpemiddel, og du ikkje kan nytte tilsvarande må det presiserast i søknaden.