Publisert 21.06.10
Her finn du dei mest nytta hjelpemidla for data, kommunikasjon og kognisjon.
Korleis søke om hjelpemiddel
For at vi skal kunne levere ut hjelpemiddel, må brukar skrive ein søknad der du gjer greie for mellom anna funksjon, ressursar,
kva funksjonsnedsetjing hjelpemidlet skal erstatte, kva tiltak som har vore prøvd for å greie seg utan hjelpemiddel osv. Dersom
vi kan gjere eit positivt vedtak, vert hjelpemidlet lånt ut frå oss.
Gjenbruk
Vi får heile tida inn hjelpemiddel som kan brukast opp att. Mykje av dette står ikkje i lagervarelista, men dersom hjelpemidlet
fungerer på same måte som det du har søkt om, får du kanskje eit av desse i staden for. Har du behov for eit heilt særskilt
hjelpemiddel, og du ikkje kan nytte tilsvarande må det presiserast i søknaden.
Hjelpeskjema
Dersom vi får alle nødvendige opplysningar i lag med søknaden, kan vi lett gjere vedtak og sikre rask levering av rett hjelpemiddel.
For datahjelpemiddel har vi eit eige hjelpeskjema. Det lettar sakshandsaminga om du fyller ut dette, slik at vi slepp å hente
inn fleire opplysningar.
OpenOffice
Vår anbefaling på kontorstøtte programvare er OpenOffice. OpenOffice kan du laste ned ved å klikke deg inn på denne lenka: OpenOffice
OpenOffice er ein fri (open og gratis) kontorpakke som er oversett til bokmål, nynorsk og månge andre språk. Dette kan du lese meir om når du klikkar deg inn på lenka over.
Du kan sjølvsagt også kjøpe Microsoft Office pakken, men denne får du ikkje som hjelpemiddel gjennom NAV Hjelpemiddelsentral Sogn og Fjordane.
Treng du hjelp til å installere OpenOffice kan du også ringe oss på brukarstøtte (Atea) - 815 81 472. Vår epost adresse for brukarstøtte er nav@atea.no