Publisert 04.01.12
Gjennom statsbudsjettet for 2012 har vi fått melding om at ein del hjelpemiddel ikkje lenger skal formidlast gjennom NAV Hjelpemiddelsentral
Det som blir fjerna frå sortimentet er småhjelpemiddel for personleg stell, ete og drikke, påkledning, matlaging og opne emballasje. Merk også at røykeforkle og luftrensarar er noko vi ikkje lenger innvilgar.
Vidare har Stortinget bestemt at utlån av enkle leikar og stimuleringsutstyr utvikla for heile befolkninga som målgruppe (for eksempel rangle, ball, spel, akebrett, treningsmatte, balanseutstyr, sykkelvogn, tredemølle), vert avgrensa til spesialtilpassa utstyr og utstyr som er spesielt utvikla for personar med nedsett funksjonsevne.
Ordninga blir sett i verk for søknader og bestillingar vi får inn etter 1. januar 2012. Direktoratet skal, i samråd med departementet, etter kvart kome med generelle retningslinjer for endringa, men før retningslinjene er klare skal vi avslå hjelpemiddel som heilt klart fell inn under endringa.
Då desse endringane er nye for oss også, og omfattar både vedtakspraksis, formidling og logistikk ber vi om at de har tolmod med oss om det tek litt tid før vi får på plass rutinane!
Vi omarbeider lagervarelista og bestillingslistene våre i desse dagar, så følg med på nav.no. Det er viktig at brukar får rett informasjon om rettane sine, og at dei slepp å bruke tid på å søke om hjelpemiddel eller bestille hjelpemiddel som NAV Hjelpemiddelsentral ikkje lenger kan levere ut.