Publisert 09.01.12
I staden for å fylle ut søknadsskjema med ei grunngjeving på kvifor ein meiner at eit hjelpemidlet er naudsynt og tenleg,
kan formidlar som er godkjend for det, hjelpe brukar med å bestille hjelpemiddel frå ei bestillingsliste. Føresetnaden for
å få hjelpemiddel gjennom bestillingsordninga er at brukar tidlegare har fått innvilga hjelpemiddel via ordinær søknad.
Bestillingsordninga har fungert sidan 2002. Målet var å leggje til rette for kortare leveringstider. Kring 40% av
brukarane får hjelpemiddel gjennom ordninga.
Ut frå sentrale føringar står kvar hjelpemiddelsentral nokså fritt i å velje sortiment til sine lister. Det skal vere billige, lagerførte hjelpemiddel som det går mykje av. Nokre meir avanserte hjelpemiddel står også på bestillingslistene: seng, personløftar, manuell rullestol og puter med trykkavlastning. I tillegg omfattar ordninga enkelte hjelpemiddel for trening, stimulering og aktivisering for brukarar under 26 år.
Alle kommunar i Sogn og Fjordane har godkjende bestillarar: hjelpepleiarar, sjukepleiarar, ergoterapeutar eller fysioterapeutar.
I tilegg kan ergoterapeutar og fysioterapeutar i Helse Førde bli godkjende bestillarar.
Brukar med brukarpass kan også gjere avtale om å nytte bestillingsordninga.
Bestillar skal ha helsefagleg utdanning med kunnskap om rehabilitering, tekniske hjelpemiddel og formidlingsmetodikk. God kjennskap til lov om folketrygd, rettar til tekniske hjelpemiddel, er også eit krav.
Bestillingsskjema for syn, hørsel og rørsle. Vi praktiserer ordninga slik at berre dei hjelpemidla som står på listene kan bestillast. Dersom det er ynskje om andre hjelpemiddel, må dei søkjast om på vanleg måte.