Publisert 16.12.11
NAV Hjelpemiddelsentral har som ressurs- og kompetansesenter på andrelinenivå eit overordna og koordinerande ansvar for hjelpemiddelformidling i fylket.
Med tanke på målretta innsats på hjelpemiddelområdet legg vi stor vekt på kompetanseoppbygging av samarbeidspartar. Brukarane må få den rådgjevinga og dei hjelpemidla dei til ei kvar tid treng.
Opplæringstilbodet er utvikla etter tilbakemeldingar frå "folk i feltet" og eigne vurderingar av "kvar skoen trykker" mest.
Dato for kursa kan bli endra, dette på grunn av omstende vi ikkje rår med, som kva personale vi til ei kvar tid har, og om oppsett dato ikkje passar for førelesarar som vi leiger inn.
Vi sender ut invitasjon for endeleg påmelding ca. 6 veker før kvart kurs, elektronisk påmeding via kurskatalog.
Frist for påmelding blir sett til to veker før kurset. Alle påmelde får melding om dei får plass på kurset.