Publisert 11.02.10
Barn og unge med funksjonshemmingar og familia deira kan få fast kontaktperson på hjelpemiddelsentralen. Ordninga skal gi eit trygt, godt planlagt og fleksibelt tilbud.
Barn og unge under 18 år som er avhengig av hjelpemiddel dagleg og deira foreldre/føresette, er aktuelle for ordninga. Dersom du alt har ein fast kontaktperson i kommunen som du vil behalde, er ikkje ordninga med hjelpemiddelsentralen aktuell for deg.
Føremålet med ein fast kontaktperson er at du som forelder eller føresett til barn med funksjonshemmingar skal få eit samordna og godt planlagt tilbod. Du kan også få større innverknad på vedtak som gjeld val av hjelpemiddel. Målet er å avklare behov, gjere saksbehandlinga kortare og gjere samarbeidet med hjelpemiddelsentralen godt.
Ein fast kontaktperson ved hjelpemiddelsentralen vil
Som forelder/føreset vil du få moglegheit til å påverke valet av hjelpemiddel.
Ta kontakt med NAV Hjelpemiddelsentral i fylket ditt og avtal eit møte.