Publisert 30.03.09
Hjelpemiddel og individuell plan
Funksjonshemma som treng langvarige og samansette tenester, har rett på ein
individuell plan. Det er kommunen sitt ansvar å utarbeide planen. Planen skal konkretisere behovet for tenester og korleis
behova skal dekkjast.
Ein individuell plan omfattar mange tiltak på ulike livsområde. Hjelpemiddel kan vere ein viktig del av desse tiltaka. Dersom det i planen er gjort tilstrekkeleg greie for funksjonen og behovet til brukaren, kan det gjerast eit generelt vedtak på hjelpemiddeldelen av planen. Dette vil gjere søknadsprosessen enklare ved behov for nytt hjelpemiddel.
Forenkla saksgang tyder som hovudregel at søknaden ikkje vert vedtaksbehandla. Når brukar treng nytt hjelpemiddel, går søknaden direkte til rådgjevar for vidare utgreiing, eller den vert sendt ordrekontoret vårt.
Når hjelpemiddelbehovet skal grunngjevast, treng ein berre gi naudsynte opplysningar som ikkje går fram av hjelpemiddeldelen av den individuelle planen.
Krav til dokumentasjon (legeattestar og liknande) gjeld berre naudsynt dokumentasjon som ikkje følgjer hjelpemiddeldelen av den individuelle planen.
Meir detaljert informasjon om ordninga, målgruppa og framgangsmåte ved utfylling av søknadsskjema, finn du i menyen til høgre under "Relatert innhold". Du må gjerne kontakte NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland om du ønskjer meir informasjon. Ring sentralbordet vårt på tlf.: 53 04 03 00 eller send ein e-post til: nav.hjelpemiddelsentral.hordaland@nav.no
Gratis nettbasert kurs i Individuell plan
Programmet har samla informasjon, dokumentasjon og erfaringar som har med Individuell plan å gjere. Gjennom programmet får du råd om korleis ein kan utvikle gode individuelle planar. Les meir om programmet.