Personar med sterk fysisk funksjonsnedsetjing kan ha nytte av funksjonsassistanse. Arbeidstakaren utfører sjølv arbeidsoppgåvene, og funksjonsassistenten avlastar med praktiske oppgåver.
Eksempel på assistanse kan vere hjelp til å flytte, løfte og hente tunge ting, hjelp med av- og påkledning med meir. Funksjonsnedsetjinga må vere varig.
Yrkesaktive personar med sterk fysisk funksjonsnedsetjing kan få stønad til funksjonsassistanse dersom dette er naudsynt for å vere i arbeid.
Ein arbeidstakar som har praktiske vanskar i arbeidssituasjonen, må først saman med næraste leiar, undersøkje kva som er mogleg å leggje til rette på arbeidsplassen. Eksempel på tilrettelegging kan vere endring av arbeidsoppgåver, organisatoriske endringar, hjelpemiddel, ombygging av utstyr/lokale med meir. Bedriftshelsetenesta kan også vere ein viktig støttespelar. Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg, kan ein vurdere funksjonsassistanse. Ordninga med funksjonsassistanse gjeld for personar med omfattande fysiske funksjonsnedsetjingar.
Du kan kontakte NAV Hjelpemiddelsentral eller NAV-kontoret for meir informasjon.
NAV gjer ei individuell vurdering av kva talet timar med funksjonsassistanse den enkelte treng. Assistenten kan vere ein kollega som blir kjøpt fri i det tilmålte tal timar, eller ein person som blir tilsett for denne oppgåva. Arbeidsgjevar forskotterar løn, arbeidsgjevaravgift og sosiale utgifter. Disse blir refunderte fire gonger per år.
Funksjonsassistanse får ein ved behov, men med atterhald om at løyvinga for året dekkjer nye utgifter.
Frå 1.1.2012 er ordninga heimla i Forskrift om forsøk med funksjonsassistanse i arbeidslivet.