Er du blind eller svaksynt, kan du ha rett til førarhund. Hunden har fått opplæring for at du skal vere tryggare når du er ute.
Har du ei synshemming som gjer at du treng hjelp når du skal ferdast ute, kan du ha rett til førarhund.
eller
Det er eit krav at du har god nok helse til at du kan gå tur med hunden utandørs kvar dag. Dette er viktig for at hunden skal få dagleg mosjon, slik at han bevarer helse og humør og ikkje mister ferdigheitene sine.
Den sosiale situasjonen din må ikkje vere til hinder for at du kan bruke og stelle hunden på ein tilfredsstillande måte. Dersom du er i arbeid eller under utdanning, er det ein føresetnad at hunden kan vere med, og at han blir aksepert på arbeidsplassen eller skolen.
Du kan få raskare svar dersom du sjølv skaffar den informasjonen NAV-kontoret treng for å behandle søknaden din.
Vedlegg til søknaden:
Dei fleste søknadene blir avgjorde innan ein månad. Maksimal behandlingstid er seks månader.
Dersom du oppfyller vilkåra for førarhund, blir du kalla inn til eit forkurs på den førarhundskolen du har valt. Kurset varer til vanleg tre dagar, og du lærer kva det vil seie å ha ein førarhund.
Skolen vurderer kva slags hund som passar for deg. På kurset møter du medlemmer av Fagleg utval for førarhundspørsmål (Førarhundutvalet), som vurderer om du eignar deg som førarhundbrukar. Førarhundutvalet er oppnemnt av Rikstrygdeverket, og er rådgivarar for NAV i saker om førarhund og opplæring.
NAV-kontoret avgjer om du kan begynne på kurs med hunden. Det endelege vedtaket om du får hund eller ikkje, blir teke etter at kursa er ferdige.
Når utvalet har uttalt seg, er det NAV-kontoret som avgjer om du kan få begynne på samtreningskurs. Da vil du og hunden få trene saman i tre samanhengande veker. Du bur på førarhundskolen i denne tida.
Mot slutten av kurset skal du og hunden gjennomgå ei godkjenningsprøve der de blir vurderte av to dommarar frå Førarhundutvalet. Ved positivt resultat vil du også få samtrening i ein viss periode på heimstaden din. Førarhundutvalet vart oppnemnt av Rikstrygdeverket og er eit rådgivande organ som skal hjelpe NAV når ein skal skaffe førarhund.
Dersom du får innvilga førarhund, får du også dekt utgifter til reise, opphald og opplæring. Du får samtidig innvilga grunnstønad etter sats 3 til hald av førarhund. Det er NAV som eig hunden, men han bur hos deg.
NAV har avtalar med fire førarhundskolar om levering av førarhundar:
Skolane gir hundane nødvendig opplæring. Når hundane er ferdig opplærde, blir dei testa av eigne fagdommarar i Førarhundutvalet.
Det finst eigne reglar for hjelpemiddel i utlandet.