Har du ei varig synshemming, kan du ha rett til hjelpemiddel som kan betre funksjonsevna di.
Er evna til å sjå detaljar redusert til om lag 6/18 (0,33 %) eller dårlegare med riktig brille, vil du sannsynlegvis ha problem med å lese avisa på vanleg leseavstand. Du blir da rekna som synshemma eller svaksynt. Dersom synshemminga er varig (over to år), kan du ha rett til synshjelpemiddel.
Også synsdefektar som redusert synsfelt, nedsett kontrastsyn eller dårleg mørkesyn kan gi rett til hjelpemiddel.
Synsproblema må diagnostiserast av augelege. Det må gå fram at hjelpemiddel er nødvendig og tenleg for at du skal kunne fungere i dagleglivet eller i arbeidslivet.
Når du eller nokon av dine nærmaste får behov for eit hjelpemiddel, skal de ta kontakt med kommunehelsetenesta der de bur.
Har du behov for hjelp, sender du skjema for tilvising til NAV Hjelpemiddelsentral. Det aktuelle hjelpeskjemaet fyllast ut og leggjast ved søknadsskjemaet.
Du kan få raskare svar dersom du sjølv skaffar den informasjonen som Hjelpemiddelsentralen treng for å behandle søknaden.
Vedlegg til søknaden og / eller tilvisinga:
Dei fleste søknadene blir avgjorde innan ein månad. Maksimal behandlingstid er seks månader.
Du kan få briller eller kontaktlinser dersom det dårlege synet kjem av alvorlege augesjukdommar. Du får ikkje dekt utgifter til briller eller kontaktlinser dersom du ser dårleg fordi du er nærsynt eller langsynt.
Du kan få filterbriller dersom du er unormalt sterkt lysømfintleg.
Ein kan gi stønad til nyinnkjøp av briller, kontaktlinser og filterbriller.
Det finst mange optiske hjelpemiddel for svaksynte som du kan få stønad til på visse vilkår: Luper, lupebriller, kikkertbriller og liknande.
Du kan få filterbriller dersom du er uvanleg var for lys.
Andre synshjelpemiddel som kan vere aktuelle, er: ADL hjelpemiddel (praktiske hjelpemiddel i dagleglivet), orienteringshjelpemiddel, lyshjelpemiddel, hjelpemiddel for å skrive og lese punktskrift og daisyspelar for å høyre på lydbøker.
Vanlege briller
Vanlege briller eller kontaktlinser som retter på brytningsfeil i auget (dvs. dersom ein er langsynt, nærsynt eller har skjeive hornhinnar) blir ikkje dekte. Det finst visse unntak for barn/unge under 18 år samt ved visse augesjukdommar.
Dersom hjelpemiddelet finst på lager, tek det normalt to veker frå søknaden er behandla til hjelpemiddelet blir levert kommunen. Må vi bestille hjelpemiddelet, kan det ta opptil fem veker.
Det finst særskilde reglar for hjelpemiddel i utlandet.