Du kan få dekt utgifter til protesar, korsett, støtteskjener og ortopediske sko.
For at du skal få dekt utgifter til ortopediske hjelpemiddel, må du ha varig (meir enn to år) nedsett funksjonsevne i armar, bein eller rygg.
Hjelpemiddel som blir brukte ved behandling av beinbrot, passiv stabilisering eller andre forbigåande lidingar, er ikkje ortopediske hjelpemiddel, heller ikkje kunstige ledd som blir opererte inn i kroppen.
Ved dei fleste sjukehusa finst det avdelingar med legar som kan søkje om ortopediske hjelpemiddel. Også fleire spesialistar kan søkje for deg. Det gjeld spesialistar i:
Allmennpraktiserande legar kan ikkje søkje om ortopediske hjelpemiddel.
Det finst fleire typar ortopediske hjelpemiddel. Eksempel er:
For ortopediske sko og fotsenger er det innført ordningar med eigenbetaling. Lokalt NAV-kontor fortel deg kor mykje du må dekkje sjølv.
NAV dekkjer utgiftene til dei andre ortopediske hjelpemidla fullt ut. Nødvendige reiseutgifter blir dekte.
Du kan få støtte til to ekstra par sko kvart år, dersom skilnaden på høgre og venstre fot er to heile skonummer. Det er sett ei øvre grense for kor mykje du kan få per par.
Ein lege som har rett til å søkje om ortopediske hjelpemiddel, kan gi deg fullmakt til å søkje om fornyingar innanfor eit tidsrom på fem eller ti år. For at du skal kunne nytte deg av ei slik fullmakt, er det nødvendig at ein ortopediingeniør attesterer at fornyinga er fagleg forsvarleg. Dersom tilstanden og behovet er uendra når ein slik fullmaktsperiode er over, har fastlegen din høve til å forlengje fullmaktsperioden til det dobbelte.