Har du nedsett eller ingen hørsel, finst det fleire hjelpemiddel som kan gjere kvardagen din enklare.
For å få hjelpemiddel må hørselshemminga vere varig (minst to år), og hjelpemiddelet må vere nødvendig og føremålstenleg for at du skal fungere betre.
Når du eller nokon av dine nærmaste får behov for eit hjelpemiddel, tek de kontakt med kommunehelsetenesta der de bur.
Er det behov for hjelp til utgreiing og utprøving, sender ein skjema for tilvisning til NAV Hjelpemiddelsentral. Aktuelt hjelpeskjema må fyllast ut og leggast ved søknadsskjemaet
Du kan få raskare svar dersom du sjølv skaffar den informasjonen som hjelpemiddelsentralen treng for å behandle søknaden.
Vedlegg til søknaden
Dei fleste søknadene blir avgjorde innan ein månad. Maksimal behandlingstid er seks månader.
Er du hørselshemma, døv eller døvblind, kan du få tolk eller tolke- og følgjehjelp.
Du kan få dekt utgifter til tilpassingskurs, som er omtalt under Opplæringstiltak.
Teksttelefon kan vere eit godt hjelpemiddel. Telefonen kan brukast dersom du ikkje kan bruke ein vanleg telefon.
Behovet må vere grunngitt av fagpersonell som også må dokumentere at du kan bruke teksttelefonen.
Telenor gir 150 teljarskritt gratis i kvartalet dersom du låner telefonen frå hjelpemiddelsentralen. Du får ikkje støtte til teksttelefon dersom du bur i institusjon.
Du kan ha rett til samtaleapparat eller samtaleforsterkar (FM-anlegg). Ta kontakt med NAV Hjepemiddelsentral for å undersøkje om det er aktuelt for deg.
NRK har innført ein eigen TV-kanal for simultantolking av NRK 1. Tenesta kan nyttast ved digitalt satellittmottak over parabolantenne eller via kabel-TV.
Du må sjølv skaffe utstyr som satellittspegel, satellittboksar og liknande.
Det er også nødvendig med eit ekstra fjernsynsapparat i tillegg til det apparatet som vi føreset at du har frå før. Du kan også velje å bytte ut det apparatet du har med eit fjernsynsapparat med PIP-funksjon (PIP = Picture in picture/bilete i bilete). Dette apparatet er dyrare enn andre fjernsynsapparat. Du kan skaffe deg eit slikt apparat på fleire måtar:
I tillegg får du utbetalt 395 kroner til ei eingongsavgift til eit kort som er nødvendig for å ta inn TV-kanalen.
Har du nedsett hørsel eller er døv eller døvblind, kan du ha behov for varslingsutstyr. Utstyret varslar når:
Utgifter til slikt varslingsutstyr vil kunne dekkjast av folketrygda.
Det finst også andre hjelpemiddel for å betre funksjonsevna for hørselshemma og døve og som kan dekkjast av folketrygda. Legen din eller helsetenesta i kommunen kan hjelpe deg med å finne det hjelpemiddelet som er mest føremålstenleg for deg.
Det finst særskilde reglar for hjelpemiddel i utlandet