Når bruk av offentleg transport fører til urimelege belastningar for deg, kan du ha rett til bilstønad.
Du kan ha rett til bilstønad dersom du har ei varig funksjonshemming som gjer at du ikkje kan bruke offentlege kommunikasjonsmiddel, eller dersom bruk av offentlege kommunikasjonsmiddel fører til urimelege belastningar for deg. I tillegg må du ha eit behov for bil for å kunne
Det blir ikkje gitt stønad dersom ein har fått funksjonshemminga etter fylte 70 år.
Du kan få raskare svar dersom du sjølv skaffar den informasjonen NAV treng for å behandle søknaden. Du kan inngå ein serviceavtale med NAV-kontoret om dette.
Søknaden sender du til lokalt NAV-kontor.
Dei fleste søknadene til standard bil blir avgjorde innan fire månader. Maksimal behandlingstid er tolv månader.
Dei fleste søknadene til spesialtilpassa bil blir avgjorde innan åtte månader. Maksimal behandlingstid er tolv månader.
Leveringstida (etter søknadsbehandling) er avhengig av
Du får anten eit tilskott eller eit rente- og avdragsfritt lån til kjøp av bil, avhengig av kva slags bil du har behov for.
Spesialutstyr og tilpassing av bilen som er nødvendig på grunn av funksjonshemminga, blir gitt som tilskott utan økonomisk behovsprøving. Det er inga øvre grense for kor mykje det kan koste.
Fabrikkmontert standardutstyr, som for eksempel automatgir og servostyring, blir ikkje rekna som spesialutstyr.
Fyller du vilkåra for bilstønad, kan du også få tilskott til nødvendig kjøreopplæring. Tilskottet er økonomisk behovsprøvd og blir rekna ut på same måten som til bil.
Dersom alminneleg inntekt før særfrådrag er høgare enn 6 G, blir det ikkje gitt tilskott til gruppe 1-bil, og eigendelen ved kjøp av gruppe 2-bil blir på 150 000 kroner. Inntekta til foreldra blir lagd til grunn når ein gir stønad til bil til barn.
Les meir om grunnbeløpa i folketrygda.
Inntekter mellom |
Lån / tilskott i prosent |
|
| 0 - 3 G | 100 | |
| 3 - 3,5 G | 80 | |
| 3,5 - 4 G | 70 | |
| 4 - 4,5 G | 60 | |
| 4,5 - 5 G | 50 | |
| 5 - 5,5 G | 40 | |
| 5,5 - 6 G | 20 |
TT-ordninga (spør i kommunen der du bur)
Du kan ha med bilen på ferie i utlandet i inntil éin månad. Les meir om reglane for hjelpemiddel i utlandet.
Gjeld frå 1. januar 2012.
|
Tilskottsbeløp bil gruppe 1
|
|
|---|---|
| Beløp for 2012 | Inntil kr. 151 620 |