Der er gjennom kommunikasjon med andre at vi greier å målbere ønska våre, uttrykkje oss og bli forstått.
For menneske med behov for støtte til kommunikasjon kan hjelpemiddelsentralen på visse vilkår låne ut hjelpemiddel.
Når du eller nokon av dine nærmaste får behov for eit hjelpemiddel, tek de kontakt med kommunehelsetenesta der de bur.
Er det behov for hjelp til utgreiing og utprøving, skal det sendast tilvisingsskjema for hjelp til NAV hjelpemiddelsentral.
Aktuelt hjelpeskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknadsskjemaet.
Du kan få raskare svar dersom du sjølv skaffar den informasjonen som NAV treng for å behandle søknaden.
Det finst også statlege kompetansesenter som er spesialistar på kommunikasjon. Hjelpemiddelsentralen kan gi deg nærmare informasjon om desse.
Kommunikasjonshjelpemiddel kan delast inn i to kategoriar:
Dei høgteknologiske hjelpemidla er kjenneteikna ved at dei har mange moglege val og ofte er avanserte.
Dei lågteknologiske hjelpemidla er enklare i bruk, men har også færre val. Ofte kan desse vere vel så tenlege som meir avanserte hjelpemiddel, nettopp fordi dei er enklare å halde ved like og bruke.
Ikkje alle av dei som nyttar alternativ kommunikasjon, kan lese. Det betyr at hjelpemidla som skal nyttast, ikkje kan vere tekstbaserte. Enkelte treng bilete av det dei ønskjer å uttrykkje (piktogram), svart-kvite enkle teikningar eller symbol.
Dersom hjelpemiddelet finst på lager, tek det til vanleg to veker frå søknaden er behandla til hjelpemiddelet kjem fram til mottaksstaden i kommunen. Dersom hjelpemiddelet må tingast, kan det ta opp til fem veker.
Det finst eigne reglar for hjelpemiddel i utlandet.