Har du nedsett hørsel eller øyresus (tinnitus), finst det hjelpemiddel som kan gjere kvardagen enklare.
Er hørselstapet ditt så stort at eit høreapparat vil vere svært viktig for utsiktene dine til å høre betre, kan du få stønad til dette.
Har du øyresus (tinnitus), kan du få stønad til tinnitusmaskerar, som er eit apparat som ved hjelp av motlyd kan dempe plagene ved øyresus.
Hørselsproblema må vere varige (minst to år), og hjelpemiddelet må vere nødvendig og føremålstenleg for å betre funksjonsevna.
Du må ha rekvisisjon for å få høreapparat eller tinnitusmaskerar.Det er hørselssentralen ved sjukehuset eller øyre-nase-hals-spesialist som kan gi ein slik rekvisisjon.
Søknaden skal sendast NAV.
Dei fleste søknadene blir avgjorde innan ein månad. Maksimal behandlingstid er seks månader. Når NAV har innvilga søknaden, tek du han med til den som forhandlar apparatet, slik at det kan tilpassast deg før du får det utlevert.
Du kan berre få apparat som er omfatta av leverings- og prisavtalar som NAV og leverandørane har inngått.
Du kan få dekt utgifter til nytt apparat etter minst seks år dersom
Du kan få nytt apparat sjølv om det ikkje har gått seks år dersom
Høreapparatet og tinnitusmaskeraren er eigedommen til NAV og skal leverast tilbake når du ikkje lenger har bruk for det.
Sjå gjeldande satsar.
Ein kan fråvike prisgrensene for analoge apparat og tinnitusmaskerar dersom eit dyrare apparat er nødvendig av medisinske grunnar.
Ein kan berre fråvike prisgrensa for digitale apparat dersom du er under 18 år eller hørselsskaden din kjem av godkjend yrkesskade.
Det finst reglar for hjelpemiddel i utlandet.
Satsane gjeld frå 01.01.2012
|
Type
|
Sats
|
|---|---|
| Analoge apparat utan propp | inntil kr 3 960 |
| Analoge apparat med propp | inntil kr 4 300 |
| Digitale apparat | inntil kr 5 570 |
| Tinnitusmaskerarar | inntil kr 3 200 |