Har du vanskar med å ta deg fram på eiga hand, finst det hjelpemiddel. Dei vanlegaste hjelpemidla er rullestol, krykker, rullator, vogner for barn og spesielle syklar.
Har du dårleg balanse eller problem med å gå, kan du ha rett til hjelpemiddel. Hjelpemiddelsentralen låner ut utstyr når problema er varige (meir enn to år). Har du eit kortvarig behov for hjelpemiddel, må du ta kontakt med kommunen.
Når du eller nokon av dine nærmaste får behov for eit hjelpemiddel, tek de kontakt med kommunehelsetenesta der de bur. Helsetenesta i kommunen (fysioterapeut eller ergoterapeut) kan gi råd om val og utprøving av hjelpemiddel. Eventuelle mål skal leggjast ved søknaden.
Er det behov for hjelp til utgreiing og utprøving, sender ein skjema for tilvisning til NAV Hjelpemiddelsentral. Aktuelt hjelpeskjema fyllast ut og leggast ved søknadsskjemaet.
Dei fleste søknadene blir avgjorde innan ein månad. Maksimal behandlingstid er seks månader. Du kan få raskare svar dersom du sjølv skaffar den informasjonen som hjelpemiddelsentralen treng for å behandle søknaden.
Hjelpemidla finst i ulike utgåver og med tilpassingsmoglegheiter.
Det er svært viktig å prøve rullestolen der han skal brukast før han blir bestilt. Slik kan du forsikre deg om at stolen passar både til deg og det du skal bruke han til. Skal du bruke elektrisk rullestol, må du ha visse ferdigheiter både når det gjeld kjøring og forståing av trafikksituasjonen.
Du kan få stønad til spesialvogner. I enkelte tilfelle kan ein gi stønad til vogner som finst i vanleg handel, men da må barnet vere over vanleg barnevognalder (3-4 år).
Det er utvikla fleire typar terrenggåande transportmiddel med bensinmotor. Dersom farten er under 10 km i timen, kan desse transportmidla i spesielle tilfelle vere eit alternativ til elektrisk terrenggåande rullestol.
For å få eit bensindrive hjelpemiddel må søknaden vere grunngitt av ein sakkunnig person. Vilkåret er at den bensindrivne motoren i større grad gjer det lettare for deg å ta deg fram på eiga hand. Det må dokumenterast at det er lovleg for deg å bruke hjelpemiddelet.
Ein gir ikkje stønad til både elektrisk og bensindriven terrenggåande rullestol. Hjelpemiddel til hobbyaktivitetar fell utanfor ansvarsområdet til folketrygda for personar over 26 år.
Søknad om trehjulsmoped - open eller lukka - blir vurdert etter ulike reglar avhengig av farten.
For trehjulsmopedar gjeld ikkje vilkåret om at funksjonshemminga må vere oppstått før fylte 70 år.
Det er viktig å undersøkje om kjøretøyet kan brukast i trafikken. Det som er viktig, er kva breidd, høgd, vekt og kraft kjøretøyet har. Alderen til den som skal bruke det, er også avgjerande. Spør NAV Hjelpemiddelsentral i fylket ditt om hjelp i vurderinga.
Det finst særskilde reglar for hjelpemiddel i utlandet.
På sitsite.net kan du finne ut meir om tilpassing av rullestolar og sitjestillingar. Sida er ei nordisk heimeside som viser deg til aktuell litteratur, ulike prosjekt, erfaringar med produkt og til både nordiske og internasjonale konferansar og utstillingar.